Stillingsbeskrivelse
Published 10-11-2024
Deadline: 25-11-2024
Fagarbeidar/Kokk/Matvert
Nordfjord sjukehus har ledig 65% fast stilling som fagarbeidar/kokk eller matvert. Oppstart etter avtale.
Kjøkken/kantine på Nordfjord sjukehus er ein del av Matforsyning og Stabsrådet i Helse Førde. Per i dag er vi 7 fast tilsette. Hovedoppgåva er å produsere og servere næringsretta og god mat, og elles yte god tjeneste og service.
Dagarbeid med arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
- Delta i dagleg kjøkkendrift – varmkjøkken, koldtkjøkken, varemottak, oppvask og kantinedrift
- Tilsette rullerar på alle arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Fagbrev eller relevant arbeidserfaring frå tilsvarande arbeid vil verte føretrekt
- Kjennskap og erfaring i bruk av IT som arbeids- og styringsverktøy
- Søkjar må beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt og sette pasienten/gjesten i sentrum
- Må kunne samarbeide godt og jobbe i team, samt jobbe sjølvstendig når dette krevst
- Vere initiativrik og strukturert i sitt arbeid
- Arbeidsam, ansvarsbevisst og ha god helse
- Villig til å tileigne seg ny kunnskap, endringar og erfaring innanfor det totale kjøkkenfaglege arbeidsområde
- Ha gode kommunikasjonsevner
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø innad i matforsyning
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt ved vurdering av søkarane
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overenskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit triveleg og godt arbeidsmiljø
- Vi er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Runar Gudmundsson, +47 95559039
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 4882511204
Stillingsprosent: 65%
Fast
Søknadsfrist: 25.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Kjøkken Nordfjord, Helse Førde orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | Reiseliv og mat |
Yrke | Kokk |
Sted | NORDFJORDEID (Adresse: Sjukehusvegen 14 Postnr: 6770) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Norskkunnskaper |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 25-11-2024 |