Fagarbeidar i Kjole- og draktsyerfaget – ARS – ÅRSTAD VGS, Vestland fylkeskommune
Carpenters Skredder(20 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 24-10-2024
Deadline: 08-11-2024
Fagarbeidar i Kjole- og draktsyerfaget
Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studieførebuande løp, samt innføringsklassar for minorietsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar skal finne eit godt læringsmiljø.
Fagopplæring i skule: Vi treng ein fagarbeidar i Kjole- og draktsyerfaget som kan leie eit opplæringstilbod til elevar som ikkje har fått læreplass. Stillinga er eit engasjement på 75% til og med 31.07.2025.
Arbeidsoppgåver
- Rettleie og legge til rette for fagopplæring i skule
- Samarbeid med arbeidslivet i gjennomføring av opplæringa, med mål om overgang til lærekontrakt undervegs
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i Kjole- og draktsyerfaget
Personlege eigenskapar
- Gode evner til samarbeid – både internt og eksternt
- Strukturert
- Evne til å skape gode relasjonar til lærlingane og kollegar
- Fagleg nyfiken
- Sjølvstendig
- Opptatt av å skape eit trygt læringsmiljø for lærlingane
- Brei fagleg kompetanse
Vi tilbyr
- Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
Meir informasjon om skulen finn du på nettsida, www.arstad.vgs.no. Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Gje opp minst to referansar.Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf. opplæringslova. Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månadar. Det er eit vilkår om godkjend politiattest av ny dato for å bli tilsett i vidaregåande skule. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Rita Gjerde, avdelingsleiar, 41234761
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4864451245
Stillingsprosent: 75%
Anna
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 08.11.2024
DIVERSE INFO