Stillingsbeskrivelse

Published 17-03-2025
Deadline: 06-04-2025

Fagarbeidar, drift og vedlikehald m/ ansvar kyrkjegardar 

Er du vår nye kollega og medarbeidar?

Me søkjer etter ein sjølvstendig og engasjert fagarbeidar i 100 % stilling som vil få varierte oppgåver innan eininga.

Arbeidsoppgåvene vert hovudsakeleg drift, vedlikehald og tilsyn av dei kyrkjegardar med tilhøyrande grøntområder. Tysnes kommune driftar i dag ti kyrkjegardar i kommunen. I periodar vil det vera aktuelt å gjera anna førefallande arbeid som ligg til eininga.

Stillinga er plassert i eining for drift og vedlikehald og rapporterar til einingsleiar. Det kan bli aktuelt med deltaking i vaktordning- det vil difor vera ein fordel om du bur i kommunen.

Kva stillinga går ut på

For stillinga med ansvar for kyrkjegardar:

  • Praktisk tilrettelegging og oppfølging av gravferd og urnenedsetjing
  • Vedlikehald og utvikling av grøntanlegg og uteanlegg i/rundt gravplassane og kyrkjene.
  • Planlegga og gjennomføra mindre vedlikehaldsoppdrag på bygga på gravplassane.
  • Gje god service til brukarane av gravplassane.
  • Drift, vedlikehald og reparasjonar av maskiner og utstyr.
  • Medverka til at lov, forskrift og gravplassvedtekter blir fulgt opp.
  • Bistå avdelinga med anna førefallande arbeid

Sidan me er ein liten avdeling, vil det vera behov for å jobba på tvers av fagområda innan eininga. Difor vert det krav om framlagt politiattest grunna mogeleg arbeid knytt til bygg som barnehagar, skular og helseinstitusjonar.

Kva kompetanse me søkjer etter

  • Fagutdanning/fagbrev innan anleggsgartner eller maskinfag.
  • Søkjarar med annan relevant utdanning/erfaring kan bli vurdert for stillinga.
  • Praktiske ferdigheiter og erfaring frå ulike typar drift- og vedlikehaldsarbeid. 
  • Førarkort klasse C, Klasse BE og eventuelt G8 vil vera ein føremon.
  • God norsk framstillingsevne, både skriftleg og munnleg. 
  • God kunnskap i bruk av data og ulike datasystem for rapportering, kvalitetsarbeid og andre oppgåver.
  • Arbeidet foregår mest ute heile året. 

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • Har evna til å ha ein god dialog med publikum og samarbeidspartnere.
  • Er ryddig og strukturert.
  • Er positiv, fleksibel og er løysingsorientert.
  • Evnar å arbeida sjølvstendig, men er også klar for å samarbeida når det trengs.
  • Trivst med høgt tempo og fysisk arbeid.

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Kvifor skal du velga oss?

Hos oss vil du få høve til å arbeida med eit viktig og krevjande samfunnsoppdrag. Du blir ein del av eit kunnskapsrikt og godt arbeidsmiljø, der me er oppteken av kunnskapsdeling og -heving.

Tilsetjing hos oss gjer deg medlemskap i KLP – Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt høve til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir på KLP sine nettsider.

Du blir tilsett i fagarbeidar-stilling, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar. 

Synes du dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsa.

Mangfaldserklæring

Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsnedsetjing og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tysnes Kommune orgnr: 973942298
Kort om arbeidsgiver

Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!

Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.

Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.

Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.

Webside https://www.tysnes.kommune.no/
Bransje Natur og miljø
Yrke Skogbruk, gartnerarbeid og hagebruk
Sted UGGDAL (Adresse: Uggdalsvegen 301 Postnr: 5685)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/86760f9e-ff9a-4ad2-9d12-ed8c123a0038
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/274938

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31