Stillingsbeskrivelse

Published 22-09-2024
Deadline: 06-10-2024

 

Fagarbeidar/assistent

Ulstein vidaregåande skule har ledig ei 80% fast stilling som fagarbeidar/assistent frå 1.november 2024. 

 

 

Arbeidsoppgåver

Oppfølging av elevar i vidaregåande opplæring som har behov for individuelt tilrettelagd opplæring og personleg assistanse. Stillinga er per dato knytt til ei klasse for individuelt tilrettelagd opplæring.

Kvalifikasjonar

Har fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar, eller har anna relevant utdanning og erfaring.
Relevant erfaring kan erstatte formell utdanning.

Personlege eigenskapar

Ein tydeleg vaksen som har lyst til å arbeide med ungdommar i eit godt fagmiljø.
Er pålitelig og har gode samarbeidsevner.
Er positiv og fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver.
Er tålmodig og viser omsorg for elevane.
Kan kommunisere og samhandle med ungdom i ulike opplæringssituasjonar.

Vi tilbyr

  • Eit godt fagmiljø og eit aktivt og variert arbeidsfellesskap. Opplæring og rettleiing vert gitt undervegs.
    Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
    Løn etter tariff
    Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.

    Andre opplysningar:
    Den som blir tilsett må levere politiattest jf. opplæringslova §10-9.
    Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk.
    Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
    Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.

 

 

 

 

 

 

 

Kontaktinformasjon

Margaret Alme, Rektor, +47 95839744

Arbeidsstad

Holsekerdalen 180
6065 ULSTEINVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 4861384160
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.11.2024
Søknadsfrist: 06.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ulstein vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Om skulen (ulstein.vgs.no)
SKULEBYGG
Skulen ligg i Høddvollområdet, næraste nabo til Høddvoll stadion. Skulen har undervisninga si i skulen sitt bygg og i Ulsteinhallen, som er bygd saman med Ulstein vgs. Idrett og kroppsøving har undervisning i Ulsteinhallen, i Ulsmohallen og på Høddvoll stadion.
KLASSETAL/ELEVTAL
Skulen skal for skuleåret 2023-2024 ha 9 klasser i utdanningsprogrammet Studiespesialisering, 1 klasse Påbygg til generell studiekompetanse, 6 klasser Idrettsfag, 4 klasser Elektrofag, 2 klasser Sal, service og reiseliv, 2 klasser IKT og medieproduksjon og 1 Tilrettelagt klasse. Dette utgjer om lag 550 elevar.
SKULEDAGEN
Skuledagen er frå kl.08:20 til kl.15:15. Skuleåret 2020-2021 la vi om timeplanen. Omlegginga vart slik at vi har færre fag per dag og lengre økter i kvart fag. Enkelte dagar har vi berre eitt fag. Timeplanen vil variere frå veke til veke – dette for å få meir ro i skulekvardagen og få betre tid til fagleg fordjuping.

Webside https://ulstein.vgs.no/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted ULSTEINVIK (Adresse: Holsekerdalen 180 Postnr: 6065)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-11-2024
Søknadsfrist 06-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a6f4e63c-8341-4be6-b593-84c35afb5dbe
IMPORTAPI