Fagansvarleg 100 % stilling – Vestnes kommune Sentraladministrasjon

IT Drift vedlikehold

(2 uker siden)

  • VESTNES
  •  Lagt til dato: 5. november 2024
  •  Expire date: 26. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 05-11-2024
Deadline: 26-11-2024

 

Fagansvarleg 100 % stilling

Vestnes kommune søkjar fagansvarleg for dokumentasjonsforvaltning i 100 % stilling

Arbeidsområde

Fagansvarleg har ansvaret for utvikling og oppfølging av kommunen sitt strategiske og faglege dokumentasjons- og arkivarbeid. Vi søkjer etter ein tydeleg, aktiv og målretta person som kan legge premissar og strategiar for ei velfungerande og framtidsretta dokumentasjonforvaltning.   

Arbeidsoppgåver

  • Fagansvarleg vil ha ansvaret for vidareutvikling og vedlikehald av kommunens arkivplan, rutiner for saksbehandling og arkivering, samt bortsetting og avlevering av avslutta papir- og elektroniske arkiv
  • Delta i dei daglege driftsoppgåvene som journalføring, skanning, restanseoppfølging, avskriving og kvalitetssikring
  • Rådgiving, brukarstøtte og oppfølging av saksbehandlarar og leiarar
  • Sørge for at arkivfunksjonen yt effektiv tenester for alle interne og eksterne brukarar av arkivet
  • Delta i kommunen sin digitale utvikling
  • Ansvarleg for elektroniske løysningar for dokumentproduksjon og dokumentutveksling

Du må pårekne at oppgåvene vert endra i takt med behov. 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan arkiv- og dokumentasjonsforvaltning. Anna relevant utdanning og/eller erfaring med relevans for oppgåvene kan vurderast.
  • Erfaring med elektroniske arkiv- og saksbehandlingssystem
  • Erfaring med relevant lovverk med tilhørande forskrifter er ein fordel
  • Erfaring fra offentleg forvalting er ønskjeleg
  • Solide digitale ferdigheiter og interesse for digitale løysningar
  • Du har svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Resultat- og utviklingsorientert

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjert, ansvarsbevisst, strukturert og effektiv
  • Tar initiativ og jobber godt både i team og sjølvstendig
  • Har god gjennomføringsevne og er løysningsorientert
  • Er fleksibel, imøtekomande og serviceinnstilt
  • Bidreg med godt humør og til eit godt miljø på arbeidsplassen
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • Løn etter avtale
  • Kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærversarbeid
  • Pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar blir innkalla til samtale eller intervju.

Referansar

Oppgi referansar

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Vestnes kommune er ei IA-bedrift og ønskjer meir mangfold. Me oppfordrer alle kvalifiserte personer til å søke jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsettelse, etnisk eller nasjonal bakgrunn. 

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vestnes kommune Sentraladministrasjon orgnr:
Kort om arbeidsgiver Kommunedirektøren held til i Rådhuset. Kommunedirektøren har det overordna faglege og økonomiske ansvaret for den kommunale verksemda, og har ansvar for å setje i verk politiske vedtak.

Sentraladministrasjonen har ansvar for både interntenester, informasjon og innbyggartenester: servicekontor, postmottak, arkiv, politisk sekretariat, økonomi, løns- og personalkontor. Sentraladministrasjonen har også hovudansvar for overordna planlegging, beredskapsleiing, samt saksbehandling innan kultur, barnehage og grunnskule.

Webside
Bransje IT
Yrke Drift, vedlikehold
Sted VESTNES (Adresse: Rådhuset, Brugata 10 Postnr: 6390)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 26-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ce78553b-b48b-43cf-b35e-f7176ca2d57e
IMPORTAPI