Etne kommune har ein ledig fastlegeheimel med 700 pasientar. – Etne kommune Helse

Health and social care Lege

(3 uker siden)

  • ETNE
  •  Lagt til dato: 2. desember 2024
  •  Expire date: 20. desember 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 02-12-2024
Deadline: 20-12-2025

 

Etne kommune har ein ledig fastlegeheimel med 700 pasientar.

Etne kommune har ein ledig fastlegeheimel med 700 pasientar.

Legetenesta i kommunen har hovudkontor i Etne og eit utekontor i Skånevik. Kommunen eig alle fastlegeheimlane, der legane disponerer kvar sine lister. Du vil bli ein del av totalt 7 legar, der 5 er spesialistar og 1 under allmennlege spesialisering (ALIS-ordning). Det er 6 hjelpepersonell knytt til legetenesta. Trivelege kollegaer med erfaring og gode rutinar. Legekontoret er nyoppussa og velutstyrt med blant anna ultralyd. Stillinga kan egna seg både for erfarne fastlegar eller ALIS stilling.

Fråtredande lege har hatt 8.2 avtale med kommunen, med gode innteningsmoglegheiter. Ved ALIS stilling legg kommunen til rette for gode vilkår i ALIS avtalen.

Etne kommune er ein langstrakt kommune med tilgang til flott natur med både fjord og fjell. Kommunen har om lag 4100 innbyggarar der nesten halvparten bur i tettstadane Etne og Skånevik.
Kommunen har eit rikt kulturliv, engasjert næringsliv med tilgjenglege servicetenester, aktive organisasjonar og eit godt oppbygd kommunalt tenesteapparat. Det skal vera godt å bu og jobba i kommunen, og me trur at du vil trivast om du søkjer deg jobb hos oss. Velkommen som søkjar.

Arbeidsoppgåver

  • Journalsystem, pasientsky
  • Pasientliste på 700
  • Ingen kommunale oppgåver ligg til stillinga per i dag
  • Etne og Vindafjord tilbyr ei solid interkommunal legevaktordning som ivaretar turnus ihht arbeidsmiljøloven og har 17-dels vaktordning. Pliktig deltaking med 17-delt vaktbelastning med bemanna legevaktsentral og god fastløn for vaktarbeidet.

Kvalifikasjonar

  • Krav til norsk autorisasjon som lege med godkjent LIS1 teneste, og refusjonsrett frå HELFO
  • Krav til at søkjar beherskar norsk godt
  • Krav om førarkort kl B, og bør disponere bil

Eigenskapar

  • Er engasjert, fleksibel, påliteleg og open i møte med andre
  • Har evne til å lytta og trivast i arbeid med mennesker
  • Er løysningsorientert, med evne til å arbeida målretta og strukturert både sjølvstendig og i team
  • Har god evne til samarbeid, relasjonsbygging og kommunikasjon

Me tilbyr

  • Gode innteningsmoglegheiter gjennom 8.2 samarbeidsavtale, der kommunen driftar legekontoret
  • Godkjent utdanningsverksemd og kan tilby spesialisering for ALIS
  • Fleksibel arbeidstid
  • Eit godt arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling
  • Eit godt utstyrt legekontor
  • Hjelp til å skaffe bustad

Annan informasjon

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Etne kommune Helse orgnr:
Kort om arbeidsgiver Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk.

TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted ETNE (Adresse: Sjoarvegen 2 Postnr: 5590)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-12-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/13d24a0a-72dd-46a4-8d4c-794be00563e0
IMPORTAPI