Ergoterapeut – Ortopedisk klinikk, Helse Bergen
Health and social care Ergoterapeut(23 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 21-11-2024
Deadline: 01-12-2024
Ergoterapeut
Ergoterapiavdelinga er ei avdeling i Ortopedisk klinikk som yter tenester til kliniske avdelingar i Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus. Vi legg vekt på ei god fagleg teneste, kontinuitet for pasientane og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.
Ledig vikariat for ergoterapeut tilknytt Plastikkirurgisk avdeling og Revmatologisk avdeling
Vi har ledig vikariat for ergoterapeut i 60 – 80% stilling i seksjonen for plastikkirurgi og revmatologi. Hovuddelen av stillinga er tilknytt plastikkirurgisk avdeling, men ein må rekne med å behandle pasientar frå begge einingane. Dei fleste av pasientane ved plastikkirurgisk avdeling har gjennomgått operasjon etter skade eller sjukdom i handa og får poliklinisk oppfølging av ergoterapeut. Ein mindre del av pasientane er innlagd i sengepost. Ved revmatologisk avdeling får pasientane poliklinisk oppfølging av arm/handfunksjon, ortosebehandling, meistring av daglege aktivitetar og utfordringar knytta til utmatting. Ved begge einingane inngår ergoterapeuten i tverrfagleg team. Oppstart for vikariatet er 01.01.2025.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging, behandling og rehabilitering av pasientar med handskade og revmatologisk sjukdom
- Forming og tilpassing av ortoser
- Vurdering, rettleiing og trening i daglege aktivitetar
- Kartlegging og rettleiing ved utmattelse (fatigue)
- Behandling i grupper
- Undervisning og rettleiing av pasientar, pårørande og tverrfagleg team
- Samarbeid med pasient, pårørande og anna helsepersonell
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som ergoterapeut
- God kunnskap og interesse om handskadar og revmatologi
- Erfaring frå arbeid i spesialisthelsetenesta er ein fordel
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeidar målretta og strukturert
- Du har evne til å arbeide raskt, sjølvstendig og effektivt
- Du har stor arbeidskapasitet og evne til å prioritere arbeidsoppgåver i ein travel kvardag
- Du har gode kommunikasjonsevner og samhandlar godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du er fleksibel og trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Du er personleg skikka til stillinga
Vi tilbyr
- Aktivt og triveleg arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
- Høgt fagleg nivå
- God opplæring
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forksikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Jorunn Ellingsen, Seksjonsleiar, 55975009
Bodil Stokke, Avdelingssjef, 55975008
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4887680206
Stillingsprosent: 60%
Vikariat
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 30.06.2025
Søknadsfrist: 01.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Ortopedisk klinikk, Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Ergoterapeut |
Sted | BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | 01-01-2025 |
Søknadsfrist | 01-12-2024 |