Ergoterapeut for barn – Helse og aktivitet, Klepp kommune
Health and social care Ergoterapeut(7 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 21-11-2024
Deadline: 09-12-2024
Ergoterapeut for barn
Klepp kommune har no ledig 80% stilling som barneergoterapeut. Stillinga er organisert under avdeling for Helse og aktivitet saman med fysio-og ertgoterapi for barn og vaksne, Frisklivsentral, Kvardagsrehabilitering, Ambulant rehabiliteringsteam og Hjelpemiddellager. Klepp kommune har tidleg innsats og førebyggande arbeid blant barn, ungdom og familiane deira i fokus. Me søker ein ergoterapeut som har erfaring med og brennande ønske om å jobba med kommunale ergoterapioppgåver for barn og ungdom.
I denne stillinga vil du få ein spanande, allsidig og utfordrande arbeidskvardag. Arbeidsoppgåvene er varierte og du får jobba sjølvstendig og tverrfagleg. Vurdering og behandling av brukarane føregår i heimen, barnehagen, skulen og i samarbeid med 2.linetenesta.
Me er opptekne av fagleg engasjement, samarbeid og eit godt arbeidsmiljø. Du vil bli ein del av eit team som saman gir tenester til barn, ungdom og familiar i kommunen.
Arbeidsoppgåver
Funskjonsvurdering, trening, rettleiing og rådgjeving – både individuelt og i grupper.
Formidling av tekniske hjelpemidler og tilrettelegging rundt det enkelte barn.
Tverrfagleg samarbeid, internt og eksternt. Til dømes å delta i ansvarsgrupper og arbeid med individuell plan.
Bidra til auka meistring for barna våre, ungdommen og familiane deira.
Kvalifikasjonar
Offentleg godkjend ergoterapeut
Ønskeleg med erfaring som ergoterapeut i arbeid med barn og ungdom i kommunehelsetenesta
Ønskeleg med erfaring innan førebyggande arbeid og habilitering retta mot barn og unge
Førarkort klasse B og disponerar eigen bil
Attester og vitnemål:
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
Robust og trygg i møte med andre mennesker
Strukturert og har gode samarbeidevner, du kan jobba sjølvstendig og i team
God arbeidskapasitet og trygg i rolla som ergoterapeut
Positiv og har evne til å inspirera andre
Me legg vekt på at du er personleg egna til stillinga – at du har godt humør, bidreg positivt i arbeidsmiljøet og ser viktigheita av kommunikasjon og samarbeid med andre. Den som får stillinga må lika utfordringar og vera løysingsorientert
Vi tilbyr
Kjekke arbeidsoppgåver i ein organisasjon som stadig er i endring og utvikling
Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø
Dyktige kollegaer med stort fagleg engasjement
Lønn ihht avtale / gjeldande tariff
Medlemskap i pensjonsordning og personforsikring
Kontaktinformasjon
Håvard Braut, avdelingsleiar, +47 48866611, havard.braut@klepp.kommune.no
Lise Bergli, Spesialergoterapeut, 41511959, lise.bergli@klepp.kommune.no
Arbeidsstad
Olav Hålandsveg 8
4351 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 4888606109
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 09.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Helse og aktivitet, Klepp kommune orgnr: 987912073 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes. Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt. |
Webside | http://www.klepp.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Ergoterapeut |
Sted | KLEPPE (Adresse: Olav Hålandsveg 8 Postnr: 4351) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-01-2025 |
Søknadsfrist | 09-12-2024 |