Ergoterapeut – 100% fast stilling – Lom kommune

Health and social care Ergoterapeut

(2 måneder siden)

  • LOM
  •  Lagt til dato: 30. september 2024
  •  Expire date: 15. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 30-09-2024
Deadline: Snarest

 

Ergoterapeut – 100% fast stilling

Er du ein engasjert ergoterapeut som ønskjer å vere med på å utvikle og styrke folkehelsa i Lom og Skjåk kommunar? Ynskjer du å arbeide midt i smørauga av Jotunheimen? Då har vi ei fast stilling til deg som du kan søkje på

Hva vi ser etter

  • offentleg godkjent ergoterapeut

  • har godkjent politiattest

  • har førarkort klasse B

I tillegg ynskjer vi at du:

  • er glad i faget ditt, glad i menneske og har godt humør

  • har evne til å samarbeide og vere fleksibel

  • er strukturert og kan jobbe sjølvstendig

  • har interesse for velferdsteknologi

Arbeidsoppgaver

  • Ergoterapifaglege oppgåver for å bidra til å styrke folkehelse, førebygging og re-/habilitering. Her inngår å kartlegge/undersøkje fysisk- og kognitiv funksjon med fokus på ressursar og meistring, rettleie brukare, pårørande og tilsette samt oppfølging av pasientar på institusjon.

  • Koordinator for kvardagsrehabilitering, og for rehabilitering på institusjon.

  • Delta i tverrfagleg samarbeid og vurderingsmøte.

  • Utvikle, følge opp og implementere velferdsteknologi.

  • Samarbeide med demensteamet.

  • Kartlegge og tilrettelegge bustad

  • Hjelpemiddelformidling og ansvar for lokalt hjelpemiddellager i samarbeid med vaktmeister og reingjeringspersonalet

  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn etter utdanning og ansiennitet (årsløn i 100% stilling mellom kr. 507 400 – 745 100,-)

  • God pensjonsordning i KLP

  • Hjelp til å finne bustad

  • Tilsetjing på kommunale vilkår

  • Namn på søkjarar vil bli offentleggjort

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Lom kommune orgnr: 975269744
Kort om arbeidsgiver

Lom og Skjåk kommunar har til saman 4300 innbyggjarar som bur i tettstadar og grender mellom vakre nasjonalparkar. Kommunane er prega av landbruk og høgfjell, med eit variert næringsliv og riksveg 15 som bind oss saman med både aust- og vestlandet. I tillegg til å kunne by deg på ein variert arbeidskvardag, kan du som mange andre her nytte fritida di utandørs ved vatn og elv, på ski eller på beina i skog og fjell. Lag og organisasjonar tek i mot deg både som gjest og som bidragsytar inn i kulturlivet. Vi synest at å bu på bygda er både vakkert og variert!

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Ergoterapeut
Sted LOM (Adresse: Sognefjellsvegen 6 Postnr: 2686)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist Snarest


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d95c3811-b9c2-41a2-80ec-e1339f000114
Stillingsregistrering