Er du vår nye trusselkoordinator? – FF-Felles eining for førebygging, Vest politidistrikt
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(19 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 31-10-2024
Deadline: 17-11-2024
Er du vår nye trusselkoordinator?
Vi søkjer deg som er motivert til å arbeide med å ivareta trusselutsette personar.
I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for førebygging, er det ledig stilling som politioverbetjent stillingskode 0287 med funksjon som trusselkoordinator ved seksjon for førebygging.
Felles eining for førebygging (FF) er ei funksjonell eining som har fag- og koordineringsansvar for den førebyggjande verksemda i politidistriktet. Eininga har eit særskilt ansvar for å sikre at førebygging blir ein del av politiet sitt strategiske arbeid og at politidistriktet sitt arbeid er kunnskapsstyrt. Felles eining for førebygging har overordna ansvar for politidistriktet si samhandling med andre samfunnsaktørar på politidistriktnivå. Eininga består av to seksjonar, Statens Barnehus Bergen og seksjon for førebygging. Driftseininga har om lag 34 tilsette med stor variasjon i erfaring, kompetanse, kjønn og alder.
Stillinga som trusselkoordinator er ein av to stillinger ved seksjon for førebygging som jobbar opp mot trusselutsette. Stillinga inngår i den lokale trusselgruppa til Vest politidistrikt.
Stillinga inneber fagansvar og koordinering i saker der personar står i fare for å utsetjast for alvorleg kriminalitet retta mot liv, helse eller fridom. Stillinga har òg ansvar for truslar mot tilsette i samarbeid med personalleiarar og HMS-seksjonen.
Trusselkoordinator har det formelle ansvaret for trusselsaker der det er vedteke iverksetjing av adressesperre og/eller ved relokalisering av trusselutsette personar.
KRIPOS er fagstyresmakt.
Arbeidsoppgåver
- Setja i verk vernetiltak vedteke av lokal avgjerdsgruppe
- Behandla søknad om opptak i nasjonalt vitneverneprogram og søknader om fiktiv identitet
- Involvering i saker der fylkesmannen har vedteke adressesperre for barn
- Følge opp truslar mot tilsette i samarbeid med personalleiarar og HMS-seksjonen
- Vere kontaktpunkt for arbeid med trusselutsette personar internt og eksternt
- Ivareta og utvikla fag- og metode i samarbeid med nasjonal fagstyresmakt
- Andre arbeidsoppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Nødvendig
- Vitnemål fra Politiskule / politihøgskule
- Tilfredsstille kompetansekriteriene for pb 3 og ha arbeidet innan relevante fagfelt ( feks risiko- og trusselarbeid, analyse, etterretning, etterforsking av vald- og overgrep) i minimum 5 år
- Brei politifaglig erfaring og god kjennskap til samfunnsoppdraget til politiet
- God munnleg og skriftleg framføring på norsk og engelsk
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Ønskeleg
- Kunnskap om og/eller erfaring frå etterretningsarbeid er ein fordel
- Fenomenkunnskap om vald i nære relasjonar og æresrelatert kriminalitet er ein fordel
- Meistra bruk av prosjektmodul i Indicia er ein fordel
- Utdanning innan etterretning er ein fordel
- Kjennskap til andre kulturer og språk er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og god på relasjonsbygging internt og eksternt
- Gode vurderingsevner/analytiske evner
- Evne til å arbeida strukturert og sjølvstendig
- Helhetsorientert og strategisk
- Beslutningsdyktig
- Løysingsorientert og med god gjennomføringsevne
Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir i vår medarbeidarplattform.
Vi tilbyr
Du vil bli ein del av eit godt arbeidsmiljø beståande av kompetente medarbeidarar med variert bakgrunn. Me fokuserer på kontinuerleg fag- og metodeutvikling som inkluderer stor takhøgd og god tilbakemeldingskultur.
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma politiet i framtida
- Stillinga som politioverbetjent stillingskode 0287 vert lønna frå lønnstrinn 73/ 732 300,-. Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr. hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant annet gode pensjons- og forsikringsordninger (www.spk.no)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfold er en styrke. Vi treng medarbeidere med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgaveløysning. Dersom det er mogleg, vil vi tilrettelegge for medarbeidere som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjer i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil sei positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylle visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsettelse, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg til å krysse av for dette i vår rekrutteringsportal. Avkrysningane danner grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlige virksomheter rapporterer i sine årsrapporter.Du kan lese meir på arbeidsgjevarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har anmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
Referansenr: 24/234906
Kontaktinformasjon
Kari Marie Kjellstad, Driftseningsleiar, 97056377
Spørsmål om elektronisk søknad/ CV, Seksjon for HR, 207.hr.politiet.no
Arbeidssted
Allehelgens gate 6
5016 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vest politidistrikt
Referansenr.: 4867501899
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 17.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | FF-Felles eining for førebygging, Vest politidistrikt orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vest politidistrikt |
Webside | www.politiet.no/jobb |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | BERGEN (Adresse: Allehelgens gate 6 Postnr: 5016) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 17-11-2024 |