Er du vår nye trusopplærar? – Gulen Kyrkjelege Fellesråd

Kultur og kreative yrker Religiost arbeid

(7 timer siden)

  • EIVINDVIK
  •  Lagt til dato: 28. oktober 2024
  •  Expire date: 18. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 28-10-2024
Deadline: 18-11-2024

 

Er du vår nye trusopplærar?

Det er tre kyrkjesokner i Gulen: Brekke, Gulen og Mjømna. På grunn av lange avstander vil dei fleste trusopplæringstiltaka bli lagde til dei tre sokna, og tilpassa fleire aldersgrupper. Kyrkjekontoret ligg i kommunehuset i Eivindvik, der sekretær, organist, prest og kyrkjeverje har kontorplass.

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Du som søkjer må

· kunne arbeide strukturert og sjølvstendig

· være god i norsk både skriftleg og munnleg (vi nyttar nynorsk skriftleg)

· ha førarkort og disponere bil

· vere medlem av Den norske kyrkja

· ha relevant utdanning innan kristendom, trusopplæring, pedagogikk eller barne- og ungdomsarbeid, men relevant erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid kan kompensera for manglande formell kompetanse.

· ha evne til å formidle kristen tru på ein relevant og engasjerande måte for barn og unge

· vere utadvent og ansvarsbevisst med gode samarbeids – og gjennomføringsevner

· alle søkjarar vil bli vurdert om dei er personleg eigna, i tillegg til kompetanse og erfaring

Det er ein føresetnad at den som vert tilsett kan samarbeide med alle dei andre i staben.

Den som vert tilsett, må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader før vedkomande tiltrer.

Arbeidsoppgaver

Vår tidlegare trusopplærar har slutta, og vi søkjer difor etter ny trusopplærar frå 01.01.2025.

Stillinga utgjer 25 % og skal fylle desse funksjonane :

· Framhald og utvikling av etablerte trusopplæringstiltak som Tårnagent, Lys vaken, utdeling av kyrkjebøker til to, fire og seksåringar og andre samlingar for born i barnehage- og grunnskulealder.

· Informasjonsarbeid og kontaktskapande arbeid mellom kyrkja og folk som bur i bygdene våre saman med presten.

Den som vert tilsett vil få høve til å gje tenesta <> preg gjennom måten dei ulike oppgåvene vert løyst på.

Ein stor del av oppgåvene vert lagt til ettermiddag/kveld og helg.

Vi tilbyr

· Ei interessant og utfordrande stilling

· Godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer

· Fagutvikling

· Medlemskap i KLP

Løn vert fastsett etter avtale og etter gjeldande tariff i Hovudavtalen for Den norske kyrkja.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Gulen Kyrkjelege Fellesråd orgnr: 977012422
Kort om arbeidsgiver

Gulen kyrkjelege fellesråd har fem tilsette, i tillegg til presten som er tilsett av Den norske kyrkja. Kontoret er i kommunehuset i Eivindvik, men aktiviteten er knytt til kyrkjene i Brekke, Eivindvik og Mjømna. Det er fire skular i kommunen.

Webside https://kirken.no/gulen/
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Religiøst arbeid
Sted EIVINDVIK (Adresse: Eivindvikvegen 1119 Postnr: 5966)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-01-2025
Søknadsfrist 18-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/db6846a4-42e0-41ec-b17b-cd3356ae293b
Stillingsregistrering