Er du vår nye sjukepleiar? – Sikkerhetspost Valen, Helse Fonna HF
Health and social care Sykepleier(2 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 08-01-2025
Deadline: 26-01-2025
Er du vår nye sjukepleiar?
Vil du jobbe saman med denne flotte gjengen på Sikkerhetsposten?
På Sikkerhetsposten ved Valen sjukehus får du moglegheita til å jobbe i eit engasjert og tverrfagleg miljø der tryggleik, omsorg og behandling står i fokus. Her får du spennande utfordringar, fagleg utvikling og eit støttande arbeidsmiljø – med blant anna fleksible arbeidsplaner, sikkerheitstillegg og tilgang til trimrom på sjukehuset.
Vi søker ein sjukepleiar som er motivert for å bidra til auka meistring og livskvalitet for pasientane våre, samtidig som du blir ein del av eit team som vil at du skal lykkast!
Sentrale oppgåver på avdelinga er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gje omsorg og behandling. Kvar pasient har eit tverrfagleg team, kor miljøpersonal, psykiater/psykolog, aktivitør og sosionom samarbeider om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle.
Pasientane våre kan vere innlagt over lang tid, medan andre har kortare opphald. Deira ressursar og sårbare sider er det uansett god tid til å bli kjend med.
Blei du nysgjerrig på korleis det er å jobbe hos oss? Klikk her og sjå filmen om oss: https://www.youtube.com/watch?v=vbD5255slcE
På grunn av utfordrande og krevande situasjonar som kan oppstå med pasientgruppa, legger vi vekt på evne til å handtere slike situasjonar. For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søke.
Søk no og bli med på laget vårt!
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie og behandling tilpassa pasientens individuelle behov
- Observasjon og dokumentasjon av pasientforløp
- Overvåking og implementering av sikkerhetstiltak for pasient- og personaltryggleik
- Tverrfagleg samarbeid med helsepersonell som legar, psykologar og sjukepleiarar
- Kunnskap om psykiske lidingar og relevant lovverk
- Handtering av utfordrande åtferd
- Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å fremje endring
- Utforming av kort- og langsiktige behandlingsplanar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri
- Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og rus er ønskeleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Kven er du?
Vi ser etter deg som
- har god evne til å handtere utfordrande og krevande situasjonar som kan oppstå med pasientgruppa. Vi legg vekt på din evne til å handtere slike situasjonar.
- er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
- er tilpasningsdyktig og taklar stressande sitasjonar med ro og fagleg haldning
- trivst i eit aktivt og travelt miljø
- er ein god teamarbeider og likar å jobbe tverrfagleg
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- etterspør rettleiing
- er lojal i forhold til avgjerdsler
Vi tilbyr
- Eit profesjonelt og støttande arbeidsmiljø
- Vi legg til rette for kompetanseheving og utvikling gjennom rettleiing og opplæring
- Varierte arbeidsplaner med muligheter for hver tredje eller fjerde helg, samt langvakter
- Du får sikkerheitstillegg på kr 7300 per år – som aukar med kr 3400 etter to år
- Vi tilbyr bedriftsavtale med treningssenter og tilgang til trimrom på sjukehuset
- Vi kan vere behjelpelege med midlertidig bustad, dersom du treng det
Kontaktinformasjon
Monica Lindseth, Funksjonsleder, +47 53466483
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 26
5451 VALEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4901036644
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 10.02.2025
Søknadsfrist: 26.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Sikkerhetspost Valen, Helse Fonna HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
|
Webside | https://candidate.webcruiter.com/nn-no/Home/companyadverts?&link_source_id=500&companylock=5253#search |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | VALEN (Adresse: Sjukehusvegen 26 Postnr: 5451) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 10-02-2025 |
Søknadsfrist | 26-01-2025 |