Er du vår nye produksjonssjef? – Teater Vestland As

Industri og produksjon Arbeidsleder industri

(6 timer siden)

  • FØRDE
  •  Lagt til dato: 14. oktober 2024
  •  Expire date: 10. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 14-10-2024
Deadline: 10-11-2024

 

Er du vår nye produksjonssjef?

Teater Vestland har ledig ei 100% fast stilling som produksjonssjef. Vi leitar etter deg som saman med oss skal arbeide for å realisere Teater Vestland sitt potensiale.

Som produksjonssjef inngår du i leiargruppa på teateret og har personalansvar for 4,8 årsverk, samt det administrative ansvaret for det kunstnarlege ensemblet, frilansarar og kunstnarlege lag. Du har vidare ansvar for planlegging, organisering og framdrift av dei kunstnarlege produksjonane. I dette ligg og oppfølging av tidsfristar og ansvar for å sikre framdrift i prosjekt både på våre heimescener og ute på turné.

Arbeidsoppgåver er mellom anna:

  • Leiing av dei ulike funksjonane knytt til produksjonsavdelinga

  • Planlegging av produksjonar i eit rullerande to- til treårsperspektiv

  • Kort- og langtidsplanlegging frå idé til ferdig turné

  • Vidareutvikling av teateret sin turnéstrategi

  • Evaluering av teateret sine produksjonar

  • Utvikling og vedlikehald av teateret sine planverktøy

  • Delta aktivt i arbeidet med å nå overordna strategiske mål

  • Budsjettansvar

  • Andre aktuelle oppgåver i avdelinga og på teateret kan bli aktuelle, som til dømes arbeid med kontraktar

Kvalifikasjonar vi ser etter:

  • Røynsle frå leiing

  • Utdanning med bachelor innan kultur og leiing eller anna relevant utdanning

  • Erfaring frå prosjektleiing

  • God kjennskap til bruk av IT

Du har:

  • Evne til å byggje tillit, skape gode relasjonar og til å omgåast ulike kulturar og miljø

  • Trygg og motiverande leiarstil, og dessutan evne til å skape resultat gjennom andre

  • God rolleforståing

  • Fagleg og personleg integritet

  • Gode samarbeidsevner, strukturert og fleksibel

  • Evne til å finne gode løysingar, har høg gjennomføringsevne og er framoverlent

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Teater Vestland tilbyr ei utfordrande og allsidig stilling i eit engasjert og kreativt miljø med gunstige ferie- og pensjonsordningar. Teater Vestland nyttar nynorsk målform som administrasjonsspråk.

Vi i Teater Vestland er oppteken av å skape eit inkluderande og mangfaldig arbeidsmiljø. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, religion, funksjonsevne eller seksuell orientering. Mangfald styrkar fellesskapet vårt, og vi trur at ulike perspektiv bidrar til utvikling og innovasjon.

Vi gjer merksam på at teateret har offentlege søkarlister. Søkar kan be om å bli unntatt offentlegheit, men må gi skriftleg grunn for dette. Jf. Offentleglova §25.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Teater Vestland As orgnr: 972191795
Kort om arbeidsgiver

Teater Vestland er eit av Noregs eldste og hyggjelegaste teater, og 1 av 3 nynorskteater i landet. Med fylkessamanslåinga i 2020 skifta teateret namn frå Sogn og Fjordane Teater og fekk eit nytt geografisk turneområde, og er i dag heile Vestland fylke sitt regionteater. Teater Vestland er ein del av det nasjonale, kulturpolitiske målet om at alle i Noreg skal ha tilgang til scenekunst av høg kunstnarleg kvalitet.

I 2023 flytta Teater Vestland inn i nye og moderne lokale i teaterhuset Nynorskhuset i Førde sentrum med teaterproduksjon, administrasjon og prøver. I Nynorskhuset er vi samlokaliserte med avisa Firda og NRK Vestland, Nynorsk Avissenter og NRK Nynorsk mediesenter og vi har ein felles visjon om å bli eit nasjonalt kraftsentrum for norsk språk og kultur. Teater Vestland har 23 fast tilsette, fordelte på 14 ulike faggrupper. Kvart år speler vi ca. 200-250 framsyningar for 15.000-20.000 publikummarar. Teateret har ca. 40 ulike scener som vi speler på rundt om i fylket.

Webside https://teatervestland.no/
Bransje Industri og produksjon
Yrke Arbeidsleder, industri
Sted FØRDE (Adresse: Storehagen 10 Postnr: 6800)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 10-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4bc2db37-8e7b-4ef3-9885-4e6d34957eb1
Stillingsregistrering