Er du vår nye omvisar i diktarheimen Midtbø? – Vinjesenteret
Kultur og kreative yrker Museum bibliotek arkiv(3 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 20-03-2025
Deadline: Snarest
Er du vår nye omvisar i diktarheimen Midtbø?
Sumaren 2025 vil Vinjesenteret tilby omvisingar i diktarheimen Midtbø som ein del av formidlingstilboda frå Vinjesenteret. Midtbø var heimen til ekteparet og forfattarane Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas.
Me søkjer no etter omvisarar for sumarsesongen og ser etter deg som har interesse for, eller erfaring med kulturformidling. Kanskje er du student og ynskjer relevant jobberfaring?
Det å formidle historia om forfattarlivet på Midtbø står sentralt i stillinga. Som omvisar vil du ha arbeidsdagane dine der, og du vil vera vertskap for besøkjande gjester. Som grunnlag for omvisingane vil du ha eit profesjonelt utarbeidd manus som utgangspunkt. Som omvisar vil du få god opplæring og høve til å øve på manus.
Du må like å møte nye menneske, få dei til å kjenne seg velkomne, og kunne gje dei gode opplevingar. Ei interesse for skjønnlitteratur og lyrikk kjem godt med i arbeidet.
Omvisingane på Midtbø byrjar 17. juni og held fram til 17. august. I veke 28 og 29 vil familien Vesaas sjølv ha omvisingane på Midtbø.
Opningstidene er 11–17 tysdag til sundag.
Hjå oss nyttar alle nynorsk i skriftlege samanhengar. Du må vera stødig i engelsk, og kan du fleire språk er det ein bonus.
Du som søkjer bør helst vera over 18 år.
Løn etter lokalt lønssystem.
Send søknad med CV og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument. Hugs å ta med fullt namn, fødselsår, bustad og noverande stilling eller yrkestittel i søknaden.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Vinjesenteret orgnr: 923241205 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
*Vinjesenteret er ein av tre arenaer under Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur. Arenaen er eit nasjonalt senter for litteratur og journalistikk med utgangspunkt i Vinjeforfattarane Aasmund Olavsson Vinje, Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa. * Halldis Moren Vesaas var ein av dei fremste og mest lesne lyrikarane i Noreg, ho skreiv noveller, sakprosa, bøker for barn og unge og har omsett og gjendikta ei rekkje skodespel og annan skjønnlitteratur bl.a. frå fransk og engelsk. *Tarjei Vesaas var den fyrste norske forfattaren til å vinne Nordisk Råds litteraturpris i 1964, berre to år etter at den vart oppretta. Han var nominert til Nobels litteraturpris fleire gonger. Bøkene hans blir omsette til stadig fleire språk, og mange av dei som vart omsette i hans levetid kjem no ut i nye omsetjingar. * |
Webside | https://nynorsk.no/vinjesenteret/ |
Bransje | Kultur og kreative yrker |
Yrke | Museum, bibliotek, arkiv |
Sted | VINJE (Adresse: Vinjevegen 1441 Postnr: 3890) |
Stillingstype | Engasjement Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | Snarest |