Er du vår nye lærar? – Hjelmeland kommune Årdal skule

Education Grunnskole

(14 timer siden)

Stillingsbeskrivelse

Published 20-10-2024
Deadline: 27-10-2024

 

Er du vår nye lærar?

Visjonen vår er: «Årdal skule – Trygt og godt, lærerikt og kjekt!»

Mottoet vårt er: «Aktive elevar som lærar gjennom praksis!»

Vil du vera med å realisera dette?

– Årdal skule har 67 elevar fordelt på 1.-7. trinn.
– Skulen ligg i Årdal i Ryfylke med nærleik til naturen. 
– Store moglegheiter for praktisk undervisning og læring gjennom bruk av nærmiljøet.

Me ynskjer tydelege, engasjerte og motiverte vaksne som er opptekne av å samarbeide for å skape gode lærings- og oppvekstvilkår for elevane.

Me treng fleire dyktige lærarar ved skulen vår
– stillinga er på 100 % fast 
– tiltreding snarast mogleg

Ansvar og arbeidsoppgåver
– me søkjer etter ein lærar til undervisning i grunnskulen
– nært samarbeid med andre som arbeider på skulen
– inneverande skuleår er behovet styrst på Individuelt tilrettelagt undervisning.
– kommande år er ikkje arbeidsoppgåver avgjort
– undervisning og oppfølging av elevar, både klassar og enkeltelevar

Kvalifikasjonar og vilkår
– godkjent lærarutdanning, fortrinnsvis småskule
– erfaring og kompetanse innan traumebevist omsorg og spes.ped. er bra men ikkje eit krav
– ein fordel med erfaring innan pedagogisk bruk av læringsteknologi
– munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk vil verta vektlagt
– personlege eigenskapar vil verta vektlagt
– personar med anna utdanning/erfaring enn formell lærarudanning kan også søkje

Me søkjer etter deg som
– har evne til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
– har eit pedagogisk engasjement, der elevane er i fokus
– er ein tydeleg klasseleiar
– har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
– bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
– er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
– er løysingsorientert og fleksibel
– kan setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne deg ny kunnskap

Me tilbyr
– ein skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
– gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
– rettleiing av nyutdanna
– kommunale tilsetjingsvilkår og pensjonsordnin
– løn etter gjeldande avtaleverk
– pensjon og forsikringsordning etter tariffavtal
– god seniorpolitikk
– bedriftskunstforeining

Rekrutteringstiltak i Hjelmeland kommune
– redusert husleige
– etableringspakke
– stipendordningar

Anna
Målform i Hjelmeland kommune er nynorsk.

I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel. 

Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside. 

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hjelmeland kommune Årdal skule orgnr: 975275418
Kort om arbeidsgiver Årdal skule er ein fådelt skule for 1.-7.trinn, og ligg fint til i naturskjønne Årdal i Ryfylke.
Me har flott leikeområde der me fekk nye leikeaparat i påsken 2021, årsskiftet 22/23 fekk me heilt ny kunstgrasbane med internasjonal standar, ballbinge og ellers stort område til leik ute.
Skulen har også eigen frukthage og skulekjøkkenhage. Me vil ta vare på ungane både sosialt, psykisk og fagleg. Me skal gjera vårt for at kvar einaste elev ved Årdal skule får utnytta sitt potensiale fullt ut.

Visjonen vår er «Årdal skule: Trygt og Godt, Lærerikt og Kjekt»
Målet vårt er «Aktive elevar som lærar gjennom praksis!»

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted ÅRDAL I RYFYLKE (Adresse: Melevegen 125 Postnr: 4137)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6f785c75-2002-400c-b7f3-408ee1184750
IMPORTAPI