Stillingsbeskrivelse

Published 24-03-2025
Deadline: 21-04-2025

Er du vår nye konsulent?

Hos oss får du ein variert og viktig arbeidskvardag der du bidrar til at drifta går smidig og effeftivt. Du blir ein sentral del av teamet vårt, med oppgaver innan administrasjon, økonomi og praktisk tilrettelegging. 

Kva får du jobba med hos oss?

  • Sikre god bemanning gjennom handtering av innleigeprosessar.
  • Sikre at alle opplysningar er klare før lønnskøyring, slik at alle tilsette får rett lønn.
  • Bestille og administrere tilganger for ansatte til vårt interne system basert på rolle og behov.
  • Utarbeide og tilpasse arbeidsavtaler for nye ansettelsar og endringar i eksisterande avtalar.
  • Handtere innkjøp og faktura, slik at avdelingane har det dei treng i kvardagen.
  • Ta imot og fordele post, slik at viktig informasjon når fram.
  • Følge opp spørsmål og oppgåver som kjem inn via sentralbordet og sikre at dei blir løyst raskt og effektivt.
  • Organisere tøytraller og mattraller for å sikre ein god kvardag for tilsette og pasientar.
  • Bistå på avdelingskjøkken, slik at måltida blir ein god oppleving.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Kjekke tilsetgoder som blant anna gratis parkering og rabatt på treningssenter.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev innan kontor og administrasjonsfaget. Relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet. 
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

Personlege eigenskapar:

  • Serviceinnstilt
  • Lærevillig
  • Løysningsorientert
  • Sammarbeidsvillig
  • Fleksibel

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vindafjord kommune Ølen omsorgssenter orgnr:
Kort om arbeidsgiver Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.

Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.

Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted ØLEN (Adresse: Rådhusplassen 30 Postnr: 5580)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7965d959-5637-4cd0-8698-f0bc37389608
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31