Stillingsbeskrivelse

Published 30-10-2024
Deadline: 15-11-2024

 

Er du vår nye helsesekretær/sekretær?

Vi søkjer ny kollega og ser etter deg som er fleksibel, trivs med nye utfordringer og som liker å samhandle med nye kollegaer og ulike pasientgrupper. 

Hos oss jobbar allereie mange dyktige, rause og hyggjelege kollegaer, no treng vi deg på laget.

Ta gjerne kontakt om du ønskje å vite meir om stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Pasientmottak i ekspedisjon
  • Booking av timar, utsendelse av innkallingsbrev
  • Telefonmottak
  • Rullering av timebøker
  • Skriving av pasientdokumentasjon
  • Handtering av feilrapportar i Dips
  • Operasjonsplanlegging

Kvalifikasjonar

  • Grunnleggjande IKT-kompetanse
  • Fordel med kjennskap til Dips og Orbit
  • Erfaring med timebestilling
  • Erfaring frå poliklinisk arbeid
  • Må meistra norsk skriftleg og munnleg godt
  • Relevant jobberfaring kan kompensera for manglande formell utdanning

Personlege eigenskapar

  • entusiastisk og omgjengeleg
  • sjølvstendig og løysingsorientert
  • likar å arbeide i eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • har høg arbeidskapasitet og fokuserer på kvalitet
  • er punktleg og påliteleg

Vi tilbyr

  • Medlemsskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift)

 

Mangfoldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Aina Merethe Vikshåland, Konstituert avdelingsleiar, aina.merethe.vikshaland@helse-fonna.no
Kristin Langset Søndenå, Avdelingssekretær, kristin.langset.sondena@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4856424803
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Øre-nese-hals poliklinikk, Haugesund sjukehus orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsesekretær
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2356bec3-68ee-4415-acf8-7d5b08b1a2b3
IMPORTAPI