Er du vår nye Helsefagarbeidar? – Hjerte/lunge/gastro post, Stord sjukehus
Health and social care Helsefagarbeider(7 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 17-12-2024
Deadline: 31-12-2024
Er du vår nye Helsefagarbeidar?
Vi har ledig stilling i det vi meiner er verdas beste jobb – heilt ærleg!
Er du helsefagarbeidar og har lyst på ei fast stilling på 80% ved vår hjarte-/lunge-/gastro-sengepost? Då vil vi veldig gjerne høyre frå deg!
Sengeposten vår er ei avdeling med 24 sengeplassar og mange erfarne og fagleg gode helsefagarbeidarar og sjukepleiarar. I tillegg har vi helsefagarbeiderlærling og sjukepleiarstudentar.
Vi har eit godt arbeidsmiljø med ein trygg og open kommunikasjon. Du vil bli tatt god imot som ny. Vi har regelmessige fagdagar og jobbar kontinuerleg med å oppretthalde ein høg fagleg standard.
Hos oss møter du ei variert pasientgruppe, med både hjartepasientar, lunge- og gastropasientar, og pasientar med mange ulike medisinske diagnosar. Denne breidda gjer at det alltid er noko nytt å lære, og det bidrar til ein arbeidskvardag som både er utviklande og spanande.
Stord byr på vakker natur som inviterer til unike naturopplevingar og eit mangfald av aktivitetar for både born og vaksne. Her finn du alt frå flotte turløyper til eit breitt tilbod innan ulike idrettar. Kulturlivet blomstrar med eit rikt og variert program, og for dei som ønskjer gode utdanningsmoglegheiter, kan Stord skilte med både vidaregåande skular og Høgskule.
Kommunikasjonen er framifrå – både nordover til Bergen og Flesland, og sørover til Stavanger. I tillegg har Stord sin eigen flyplass med gode ruter til Oslo, noko som gjer det enkelt å reise.
Om det skulle bli intern søknad og tilsetjing, kan andre stillingsstorleikar bli ledige. Dersom dette er aktuelt for deg, hugs å oppgje det i søknaden.
Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål om stillingene. Grip sjansen og søk i dag! Vi ønskjer å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Gi god omsorg til pasient og pårørande
- Bidra til å gjennomføre naudsynlege tiltak i samarbeid med ansvarleg sjukepleiar
- Dokumentere naudsynleg informasjon i samarbeid med ansvarleg sjukepleiar
- Bidra til at pasientar mottar naudsynleg omsorg og pleie
- Ansvar for generelt postarbeid
- Oppfølging av lærlingar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Ha gode IKT-kunnskapar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er pasientorientert
- arbeidar sjølvstendig
- har høg arbeidsmoral
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- trivast i eit aktivt og travelt miljø
- kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
Vi tilbyr
- Positivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå, stor bredde på medisinske problemstillingar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Dersom intern søknad og tilsetjing kan det verte ledig andre stillingsstorleikar
Kontaktinformasjon
Anne Grete Solli, Funksjonsleiar – lunge/hjerte sengepost, +47 91727832
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4897053685
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Hjerte/lunge/gastro post, Stord sjukehus orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
|
Webside | www.helse-fonna.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsefagarbeider |
Sted | STORD (Adresse: Tysevegen 64 Postnr: 5416) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 31-12-2024 |