Stillingsbeskrivelse

Published 17-10-2024
Deadline: 03-11-2024

 

Er du vår nye beredskapsplanleggjar ?

I vest politidistrikt, for tida Felles Eining for operativ teneste (FOT), Seksjon for samfunnsikkerhet og beredskapskoordinering er det ledig stilling som politioverbetjent  SKO 0287 med funksjon som øvings- og beredskapsplanleggjar. Stillinga er for tiden stadsplassert på politihuset i Bergen. Ein må pårekna noko reiseverksemnd.

Felles eining for operativ teneste er ein funksjonell driftseining i Vest politidistrikt. Eininga er organisert i Seksjon for operative tenester, Seksjon for arrest og framstilling, Seksjon for operative spesialfunksjoner, Seksjon for samfunnsikkerhet og beredskapskoordinering og Seksjon for felles tenestekontor. Dei tilsette ved eininga har både politifagleg og sivil bakgrunn. Eininga har det overordna faglege ansvaret for politiet sine operative gjeremål i heile distriktet.

Seksjon for samfunnstryggleik og beredskapskoordinering har ein brei oppgåveportefølje innan ulike former for beredskap og øvingsplanlegging, og samhandlar tett med andre aktørar innan krisehandtering, samfunnstryggleik og beredskap – både internt i politidistriktet og eksternt.

Arbeidsoppgåver

  • Utvikle og vedlikehalde  politidistriktets beredskaps- og redningsplanverk (PBS III)
  • Utvikle og vedlikehalde politidistriktets graderte planverk knytt til objekttryggleik
  • Overordna planlegging og koordinering av spesielle førehandsvarsla politioperasjonar, som statsbesøk, offisielle besøk, trussel utsette statsråder og andre myndighetspersonar
  • Deltaking i lokale og regionale tryggleiks- og beredskapsforum
  • Fagleg råd og rettleiing til lokale planleggjarar i politidistriktet knytt til øving og beredskapsplanlegging.
  • Koordinering av søk etter anteke  omkomne (SEAO)
  • Deltaking i og eventuelt leiing av politidistriktets LRS øvingsutval
  • Planlegge, gjennomføre og evaluera beredskapsøvingar
  • Stillingsinnehaver kan bli pålagd oppgåver knytt til den operative staben til politidistriktet
  • Oppgåver knytt til dei ulike ansvarsområda til seksjonen
  • Andre oppgaver pålagt av overordna 

Kvalifikasjonar

Nødvendig

  • Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
  • Tilfredsstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeidet innan relevant fagfelt i minimum 5 år. Ved anna
    relevant bachelor- eller mastergrad kan heile eller deler av kravet fråvikast
  • Brei politioperativ erfaring
  • Kunnskap om politidistriktet sitt plan- og instruksverk og styrande dokument
  • Kjennskap til politiet sine data- og beredskapssystem
  • Erfaring frå operativ planlegging, herunder øvings- og beredskapsplanlegging
  • God forståing for rolla til politiet, oppgåver og organisering
  • God digital kompetanse og evne til å setje seg raskt inn i nye system
  • God munnleg og skriftleg framføring

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må
innhentast ved ev. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.

Det blir stilt krav til sikkerheitsklarering på nivå HEMMELEG samt autorisasjon for FOT Vest pd jf.
sikkerhetslovens kapittel 8.

Ønskeleg

  • Utdanning innan beredskapsplanlegging eller annan relevant utdanning eller erfaring er ein fordel
  • Kjennskap til  PBS WEB er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til kommunikasjon og relasjonsbyggjing både internt og eksternt
  • Evne til å kunne leie og arbeide godt i team
  • Evne til å prioritere, halde fokus, meistre stress og handtere pressa situasjonar
  • Resultatorientert med evne til å sjå løysningar og ha god gjennomføringsevne
  • Gode samarbeidsevner, evne til å motivere medarbeidarar og skape god samhandling og godt arbeidsmiljø
  • Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i politiets samfunnsoppdrag

Personleg egnethet og motivasjon for stillinga vil bli vektlagt

Som medarbeidar i politiet blir du kjenneteikna som modig og heilskapsorientert, du syner respekt og er
tett på. Du kan lesa meir i medarbeiderplattforma vår her:  https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet for framtida
  • Stilling som politioverbetjent  (stillingskode 0287), vert lønna frå lønnstrinn 72 / kr 732 300,-. Vidare
    lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr.
    hovudtariffavtalane i staten.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant annet gode pensjons- og forsikringsordninger (www.spk.no)

Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla  inn minst  éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
 
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
 
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.  
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Referansenr: 24/237553

Kontaktinformasjon

Dag Olav Sætre, Seksjonsleiar
Seksjon for HR, Spørsmål om elektronisk søknad/ CV, 207.hr@politiet.no

Arbeidssted

Allehelgens gate 6
5016 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vest politidistrikt

Referansenr.: 4866770747
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 03.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver FOT – Seksjon for samfunnssikkerhet og beredskapskoordinering, Vest politidistrikt orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vest politidistrikt
dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar.
Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt – kommunane Fitjar, Bømlo, Stord,
Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag
1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren
har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.

Webside www.politiet.no/jobb
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted BERGEN (Adresse: Allehelgens gate 6 Postnr: 5016)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4669d01b-141c-4894-bf10-7cb622757d15
IMPORTAPI