Stillingsbeskrivelse

Published 13-10-2024
Deadline: 01-11-2024

 

Er du sjukepleiarstudent eller helsefagarbeidar …

… og vil ha verdifull erfaring medan du studerer?

Brenn du for at eldre skal få ei heilskapleg spesialisthelseteneste? Me har no to ledige helgestillingar ved alderspsykiatrisk døgnpost!

Hos oss finn du eit arbeidsmiljø prega av glede, tverrfagleg samarbeid, og der den beste pasientomsorga alltid står i fokus.

Som ein del av teamet vårt får du moglegheita til å byggja kompetanse gjennom erfaringar og tverrfagleg samarbeid, samtidig som me legg stor vekt på fagleg utvikling.
Du vil få ein jobb der du og pasienten blir sett og høyrd, og du kan vera trygg på at du får utvikla deg i eit positivt og lærerikt miljø.

Høyrast dette spennande ut? Søk no, og bli med på laget vårt!

Arbeidsoppgåver

  • Pasientoppfølging og observasjon under utgreiingsopphald
  • Arbeid på post, undervisning og rettleiing, tverrfagleg samarbeid.
  • Yte god omsorg for pasient og dei pårørande

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helefagarbeidar
  • Ynskje om vidareutdanning innen psykiatri/demensomsorg
  • Rekrutteringsstilling for 2. og 3. års sjukepleiartudentar
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er pasientorientert
  • har gode kommunikasjonsevner
  • er ansvarsbevisst
  • viser respekt for kvar enkelt pasient
  • trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
  • Fagleg og personleg utvikling

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Reidun Erland, Funksjonsleiar – Alderpsykiatrisk post, 46889361, reidun.erland@helse-fonna.no
Doreen Halleland, Avdelingsleder, 41692564, doreen.halleland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4871283946
Stillingsprosent: 15%
Fast
Startdato: 01.11.2024
Søknadsfrist: 01.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Eldremedisinsk post alderspsykiatri, Helse Fonna HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Webside www.helse-fonna.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-11-2024
Søknadsfrist 01-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a55926ad-8cea-4746-9dda-61ec1cd2de3d
IMPORTAPI