Stillingsbeskrivelse

Published 23-09-2024
Deadline: 01-10-2024

 

Er du sjukepleiar og har lyst å vera med i teamet vårt?

Me søker:

Sjukepleiar til fast 80- 100% stilling på Vindafjordtunet eller Ølen omsorgssenter- dag/kveld eller natt. 

Sjå ulike arbeidstidsordningar du har muligheit til å velge under! 

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Bidra direkte til å gi bebuarane våre ein veldig god plass å bu!
  • Sjukepleiefaglege oppgåver; kartlegging (NEWS bla), oppfølging, pleieplan, tiltak, medisiner, pårørandekontakt, legekontakt.
  • Palliasjon
  • Rettleiing og tverrfagleg samarbeid av kollegaer og studentar.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerlig utvikling av tenestene våre.
  • Vera med å bygge sjukepleiarteam for betre teneste, samhandling, kollegaskap og arbeidsmiljø! 

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • God IKT kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.

Personlege eigenskapar:

  • Du vil yte gode tenester i eldreomsorga og for dei som bur på Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter.
  • Du har eit ynskje om å arbeide med menneske som har komplekse og varierande hjelpebehov. 
  • Har interesse for faget og held deg oppdatert- likar å finne nye måtar å arbeide på! 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta.
  • Du trives med til tider hektiske arbeidsdagar.
  • Du er framoverlent og leiatar etter gode tiltak for å gi gode tenester til bebuarane – bebuaren kjem først!
  • Du er fleksibel og ser nytte av å arbeide på tvers av avdelingane- som sjukepleiar gjer du sjukepleiaroppgåver og er ein del av sjukepleiarteamet!
  • Du set pris på og arbeidar for eit godt miljø og stort samarbeidsklima der alle vert høyrt og respektert.
  • Personlege eigenskaper vert vektlagt

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø.
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson.
  • Kompensasjon om du er veiledar til student. 
  • Fast fagdag/timar kvar 6. veke.
  • Muligheit til å ta vidareutdanning/kurs å få deler dekka av arbeidsgjevar.
  • Eigen helgeavtale: Meir lønn for fleire helgetimar du arbeidar- gjerne gjennom langvakter.
  • Felles lunsj med vaffler kvar fredag:) 
  • Gratis parkering!
  • Ingen kø til eller frå jobb (mogleg ein traktor på vegen men det går fint).
  • Gratis E-læringskurs på Veiledaren og NHI.
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Sjukepleiarteam:

– Du høyrer til «din» avdeling 

– Eigne sjukepleielister med direkte sjukepleieoppgåver.

– Kollegastøtte

– Veiledning og erfaringsdeling

Dette er eit ledd i å gjera arbeidsdagen tydlegare ifh til oppgåver og roller, mindre belasting, betre bruk av tida istadenfor at «alle skal gjera alt», kompetanse og erfaringsdeling, arbeidsmiljø og kollegastøtte!

Arbeidstidsordningar:

– Ordinær dag/kveld

– Ordinær dag/kveld med langvakter kvar fjerde eller tredje helg

– Rein langvaktsturnus (inntil 4 på og 7 av)

– Rein natt

– Kombinert natt/dag/kveld (evt natt/ langvakter)

DU bestem kva som passar for DEG der du er i LIVET! 

Vindafjordtunet har per i dag årsturnus med ny oppstart ferbruar `25. Ølen omsorgssenter har per i dag kalenderplan og går over til årsturnus i februar `25. 

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Vindafjordtunet er delt i 3 avdelingar; Somatisk langtid med 14 plassar og demensomsorga som er delt i avdeling Sør og avdeling Nord- tilsaman 32 plasser. 

Ølen omsorgssenter har 14 plasser på somatisk langtid og 13 plasser på Korttid/rehabiliteringsavdelinga.

Begge hus har eigne nattevakter per i dag. Her går du enten inne på avdeling eller ute i natt patruljen. Det er ønskeleg å kombinera natt med to- eller tredelt turnus, men du kan og gå rein nattevakts stilling.

Som sjukepleiar på Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter vil du få utfordrande og spanande arbeidsdagar i lag med kjekke, kompetente kollegaer. Du vil få muligheit til å følja våre bebuarar tett og ha direkte innverknad på deira kvardag og livskvalitet.

 

Høyres dette interessant ut- ta kontakt om du lurar på meir kring dette! 

Hjå oss vil me ha det høgt under taket med kort veg til engasjerte leiarar for dine idear. Du kan og sjekke vår Facebookside til å bli litt betre kjent med oss.

Me ønskjer at våre medarbeidarar skal ha muligheit for utvikling innan fag og interesse, at dei skal ha eit arbeid som motiverar og engasjerar.

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vindafjord kommune Omsorgssenter orgnr:
Kort om arbeidsgiver Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har ni bygder med vel 9000 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å vera sentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje både mot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/a2b46e8d-9ad2-4260-9d05-f2090447add9

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted ØLEN (Adresse: Rådhusplassen 1 Postnr: 5580)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f136c47f-c73d-49fb-ac07-8e6b506ac721
IMPORTAPI