Stillingsbeskrivelse

Published 19-06-2024
Deadline: 20-07-2024

 

Er du motivert for å vere ein pådrivar for å finne nye og effektive løysingar gjennom bruk av tilgjengelege data? På HR avdelinga har me ledig ein nyoppretta stilling som

Har du sterke kommunikasjonsevner og forstår kor viktig gode relasjonsferdigheiter er for å skapa prestasjonar i eit tverrfagleg team? Då er me veldig nysgjerrige på kven du er og håpar at du har lyst til å ta ein prat med oss slik at me kan bli litt betre kjent med kvarandre.

I 2024 starta me arbeidet for å forbetra arbeidsprosessar og system knytt til løn- og økonomi. I dag er dette arbeidet fordelt mellom stabsavdelingane HR og Økonomi. Systemet som vert nytta skal no ut på anbod, og me leitar no etter ein person som vil ta rolla som systemansvarleg for det systemet me skal ta i bruk. 

Me ser for oss at ein person i denne rolla vil få ei sentral rolle i arbeidet med å optimalisere arbeidsprosessar ved å analysere og utnytte tilgjengelege data. Denne rolla vil òg vera eit viktig bindeledd mellom dei ulike fagområda HR og økonomi. Det er difor ynskjeleg at du har innsikt og erfaring frå arbeid med slike system

Me treng nokon som både har evna til å strukturere og analysere data på ein slik måte at det gjev organisasjonen meiningsfull innsikt og samstundes tek ansvaret for å optimalisere systemet på best mogleg vis for brukarane.

Som systemansvarleg vil du rapportera til leiar for HR, men du vil heile tida samarbeida tett med ulike avdelingar i kommunen, spesielt HR, Økonomi og IT. Til stillinga kan det òg påreknast ulike oppgåver knytt til lønsfeltet, som til dømes lønskøyring og refusjonar.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for brukaradministrasjon
  • Oppfølging av leverandør og brukarar med omsyn til funksjonalitet og sikkerheit i systemet
  • Analyse og formidling av relevante styringsdata
  • Samanstilla og gjere tilgjengeleg HR-data på tvers av system
  • Utarbeida rapportar
  • Gje opplæring til brukarar
  • Til stillinga kan det påreknast  ulike oppgåver knytt til lønsfeltet 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning på bachelornivå
  • Brei digital kompetanse, system- og verktøyforståing, forståing for masterdata og samanhengen mellom ulike datakjelder
  • Erfaring frå arbeid i systemforvaltning
  • Gode ferdigheiter i HR-administrative datasystem og lønssystem
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

  • Utadvent og omgjengeleg
  • Opptatt av kvalitet i arbeidet
  • Høg etisk standard
  • Du er nytenkande og løysingsorientert
  • Du har gode analytiske evner og god systemforståing
  • Du er sjølvstendig og sjølvgåande

Personlege eigenskapar vil verta vektlagt 

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad – Våre ledige stillingar (easycruit.com)

 Me tilbyr:

  • Ein trygg og god arbeidsstad med spennande oppgåver
  • Ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for fagleg og personleg utvikling
  • Høve til å påverka eigen arbeidskvardag
  • Fleksitid
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk
  • Mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell
  • Ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkår

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Voss herad HR og Innovasjon orgnr:
Kort om arbeidsgiver Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.

Verdiane våre er profesjonell – påliteleg – skapande – inkluderande

Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted VOSS (Adresse: Voss Tinghus Postnr: 5700)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-07-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/bb95e5ba-f474-4374-8eb2-c49a3c89f12f
IMPORTAPI