Er du klar for å gjøre ferjetransporten vår tryggere? – Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS
Transport og lager Sjofart(1 dag siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 29-10-2024
Deadline: 14-11-2024
Er du klar for å gjøre ferjetransporten vår tryggere?
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Vi har no ei ledig stilling som matros i sambandet Brekstad – Valset, om bord vår nye og flotte El-ferge MF Vestrått.
Kvifor velje oss?
- Variert og spanande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
- Fleksibel skiftordning: 2 veker på (med fri lørdag og søndag), og 2 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
- Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr gode moglegheiter for fagleg utvikling og karrierevekst.
Det er mogleg å bu om bord i arbeidsperioden.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Bruvakt, billettering og forefallande arbeid om bord
- Gjere seg kjent med sikkerhetsstyringssystemet
- Oppgåver iht. alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Kundebehandling
- Andre arbeidsoppgåver gitt av overordna
Kvalifikasjonar
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av.
Kontaktinformasjon
Lise-Beathe Naas, Bemanningskoordinator, +47 93853263, lise-beathe.naas@fjord1.no
Arbeidsstad
Ørland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 4879349307
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy. Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane. Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet. |
Webside | http://www.fjord1.no |
Bransje | Transport og lager |
Yrke | Sjøfart |
Sted | BREKSTAD (Adresse: Postnr: 7130) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 14-11-2024 |