Stillingsbeskrivelse

Published 31-10-2024
Deadline: 19-11-2024

 

Er du klar for å frakte oss trygt til land?

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 søkjer etter skipsførar i sambandet Arasvika-Hennset, p.t. MF Driva.

Kvifor velje oss?

  • Variert og spennande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
  • Fleksibel skiftordning: Døgnvakt med 12/9 rotasjon gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
  • Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
  • Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr gode moglegheiter for fagleg utvikling, og karrierevekst.

Søkjar må bu lokalt.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Arbeidsoppgåver

  • Sikkerheitsstyring
  • Energileiing
  • Ansvarleg for teknisk og operativ sikkerheit
  • Ansvarleg for personleg tryggleik
  • Ansvarleg for miljømessig tryggleik
  • Skipsførar er leiar om bord
  • Andre oppgåver i høve til stillingsinstruks

Kvalifikasjonar

  • Minimum D5 sertifikat
  • ROC/GMDSS-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise-og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest

Personlege eigenskapar

Vi søker en skipsfører med høyt fokus på sikkerhet. Du må ha gode lederegenskaper, teknisk innsikt og evne til å ta raske, trygge beslutninger. Vi ser etter en trygg og pålitelig leder som kan sikre både mannskap og passasjerer en sikker reise, samtidig som du bidrar til effektiv drift og godt samarbeid om bord. Om dette beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad!

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar
  • Skiftordning: Døgnvakt 12/9 rotasjon

Kontaktinformasjon

Torill Vestad, Bemanningskoordinator, +47 913 18 256, torill.vestad@fjord1.no

Arbeidsstad

 Aure Municipality

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 4880139150
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS orgnr:
Kort om arbeidsgiver Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.

Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.

Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Webside http://www.fjord1.no
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Sport og idrett
Sted FOLDFJORDEN (Adresse: Postnr: 6694)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6d9d3e91-c262-473f-bc39-565d9c44fac9
IMPORTAPI