Stillingsbeskrivelse

Published 13-10-2024
Deadline: 01-11-2024

 

Er du den nye sjukepleiaren me leitar etter?

Er du spesialsjukepleiar, eller sjukepleiar, på jakt etter ei spanande og lærerik utfordring?

Hos oss får du ein kvardag fylt med varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar. Som ein del av teamet vårt vil du jobbe med pasientar som treng alderspsykiatrisk kompetanse, der miljøbehandling, tverrfagleg samarbeid mellom ulike profesjonar med pasienten i fokus, samt tett samarbeid med pårørande og kommunen, er sentralt.

Du vil få delta, og bidra, i internundervisning og rettleiing av studentar og nytilsette.

Dei tilsette skildrar arbeidsmiljøet hos oss som «inkluderande og ein stad der alle ser kvarandre. Det er ein veldig kjekk arbeidsplass, og alle som byrjar her, også studentar, opplever seg svært velkomne», seier funksjonsleiar Reidun Erland.

Du vil få eit skreddarsydd opplæringsprogram og ein fleksibel årsplan som kan tilpassast dine ønskje. Vi legg til rette for at du kan trivast både på jobb og i fritida med fantastiske friluftsmoglegheiter i distriktet. 

Høyrest det spanande ut? Velkomen som søkjar hos oss!

Arbeidsoppgåver

  • Pasientoppfølging og observasjon under utgreiiningsopphald
  • Arbeid på post, undervisning og rettleiing, tverrfagleg samarbeid
  • yte god omsorg for pasient og dei pårørande

Kvalifikasjonar

  • Autoriasjon som sjukepleiar
  • Det er ynskeleg med vidareutdanning/erfaring innan alderspsykiatri/demensomsorg
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller ann
  • norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du: 

  • er pasientorientert
  • har gode kommunikasjonsevner
  • er ansvarsbevisst
  • viser respekt for kvar enkelt pasient
  • trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • bidrar til eit godt arbeidsmiljø 

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Opplæringsprogram og plan for kompetanseutvikling
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Konkurransedyktig pensjonsordning.
  • Ønsketurnus/årsarbeidsplan
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Mangfaldserklæring

Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Reidun Erland, Funksjonsleiar – Alderpsykiatrisk post, +47 46889361, reidun.erland@helse-fonna.no
Doreen Halleland, Avdelingsleder, 41692464, doreen.halleland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4866572152
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.12.2024
Søknadsfrist: 01.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Eldremedisinsk post alderspsykiatri, Haugesund sjukehus orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Webside www.helse-fonna.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 02-12-2024
Søknadsfrist 01-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/70660bdc-1c92-4f33-bcf0-3de8359a6f88
IMPORTAPI