Er DU den me leitar etter? – Vindafjord kommune Helse

Health and social care Sykepleier

(1 dag siden)

  • ØLEN
  •  Lagt til dato: 4. november 2024
  •  Expire date: 20. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 04-11-2024
Deadline: 20-11-2024

 

Er DU den me leitar etter?

Me søker:

Helsesjukepleiar i 80 % stilling på Vindafjord helsestasjon frå 01.02.25. Stillinga er 1 års vikariat med stor muligheit for forlenging og/eller fast stilling.

Hovudarbeidsoppgåver:

Helsefremjande og førebyggande arbeid ift nasjonal faglige retningslinjer for helsestasjons- og skulehelsetenesta.

  • Arbeidsoppgåvene er i hovudsak knytt til helsestasjonsarbeid 0-5 år.
  • Vaksinering
  • Tverrfagleg samarbeid med andre avdelingar som jobbar med barn og unge.
  • Oppfølging av minoritetspråkelege/flyktningar.
  • Arbeid i skulehelsetenesta, derav samtaletid på skulane,undervisning i klassane og veiledning av foreldre og lærerar kan bli aktuelt på sikt.
  • Arbeid på Helsestasjon for ungdom kan bli aktuelt på sikt.

Kvalifikasjonskrav:

  • Helsesjukepleiar

  • Sjukepleiar med relevant vidareutdanning og/eller erfaring med barn og unge kan også søkje på stillinga.

  • Sjukepleiar med rette personlege eigenskaper kan også vurderast til stillinga.

Personlege eigenskapar

  • Evne til sjølvstendig strukturert arbeid, nytenking og samarbeid, er blant dei eigenskapene me ser som sentrale for å trivas og lukkas som helsesjukepleiar
  • Målretta og fagleg engasjert.
  • Gode relasjons og kommunikasjonseigenskaper
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Personlege eigenskaper blir vektlagde.

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Tilbod om gunstig mobilabonnement
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vindafjord kommune Helse orgnr: 989107976
Kort om arbeidsgiver Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har ni bygder med vel 9000 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å vera sentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje både mot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/a2b46e8d-9ad2-4260-9d05-f2090447add9

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted ØLEN (Adresse: Rådhusplassen 1 Postnr: 5580)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d3afcac2-7d3c-4bf8-8520-73c265b19ba6
IMPORTAPI