Engasjert miljørettleiar? – Vindafjord kommune Skjold skule

Health and social care Lege

(5 dager siden)

  • SKJOLD
  •  Lagt til dato: 16. mars 2025
  •  Expire date: 31. mars 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 16-03-2025
Deadline: 31-03-2025

Engasjert miljørettleiar?

Er du ein engasjert og fagleg sterk miljørettleiar med hjartet for elevar si utvikling og meistring? Vi søkjer no etter ein dyktig miljørettleiar til ein spennande stilling i skulen.

Dette er eit vikartiat for skuleåret 2025/26, frå 01.08.25-31.07.26. Stillinga har ein lønnsprosent på 85%. Arbeidstid vil variera frå 0700-1630, og delvis i skulen sine feriar. 

Kva får du jobba med hos oss?

Som miljørettleiar i skulen vil du vere ein viktig ressurs for elevar med ulike behov. Du vil arbeide tett saman med pedagogar, assistentar og andre fagpersonar for å leggje til rette for ein inkluderande og tilpassa opplæring. Dine hovudoppgåver vil vere:

  • Oppfølging og tilrettelegging for elevar som treng ekstra tilrettelegging.
  • Samarbeid med skuleleiing, fagteam og heim.
  • Rettleiing og opplæring av tilsette i tilpassa metodar og strategiar.
  • Bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering og rabatt på treningssenter.
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som vernepleiar.
  • Erfaring med arbeid innan opplæring og tilrettelegging for barn og unge.
  • God kjennskap til lovverk og rettar innan spesialpedagogikk og tilpassa opplæring.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftsspråket i kommunen er nynorsk.

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide tverrfagleg og vere ein god lagspelar.
  • Trygg i kommunikasjon med elevar, foresette og kollegaer.
  • Fleksibel, løysingsorientert og engasjert.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vindafjord kommune Skjold skule orgnr:
Kort om arbeidsgiver Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.

Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.

Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted SKJOLD (Adresse: Vikanesvegen 4 Postnr: 5574)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-03-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/688ee183-03ff-496f-9d2d-2e67b7d5d0fe
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31