Elkem søker trainee: Automasjon – Framtidsfylket AS

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(2 dager siden)

  •  Lagt til dato: 16. desember 2024
  •  Expire date: 1. mars 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 16-12-2024
Deadline: 01-03-2025

 

Elkem søker trainee: Automasjon

Du får blant anna:

  • Delta i prosjekt innan tekniske og teknologiske fag.
  • Jobbe med drift og vedlikehald av våre produksjonsanlegg.
  • Finne løysingar på komplekse tekniske utfordringar saman med dyktige kollegaer.
  • Vere med på å identifisere og gjennomføre forbetringsprosjekt.
  • Ta del i kurs og opplæring som styrkar både fagkunnskapen din og karrieremoglegheitene.

Er dette deg?

Vi ser etter deg som er nysgjerrig, lærevillig og som ikkje er redd for å stille spørsmål. Du trivst i eit miljø der du samarbeider med folk frå ulike fagfelt, men du klarer òg å jobbe sjølvstendig når det trengst.

Du har ei relevant utdanning innan tekniske eller teknologiske fag, jobbar strukturert, og held hovudet kaldt sjølv når det skjer mykje samtidig.

Om du ikkje kan alt heilt enno, gjer det ingenting – vi støttar deg heile vegen, frå nyutdanna til trygg i rolla!

Kvifor velje Elkem Bremanger?

Her er moglegheitene mange og kvardagen variert! Elkem er ein leiande aktør innan materialproduksjon, kjent for å kombinere naturlege råmateriale med fornybar energi og menneskeleg oppfinnsamheit.

Vi bidrar til viktige innovasjonar innan elektrisk mobilitet, digital kommunikasjon, helse og personleg pleie, og meir berekraftige byar.

Elkem Bremanger har nyleg etablert eit av bransjens mest avanserte kontrollrom – eit steg mot digitalisering som aukar effektiviteten og gir betre oversikt. Gjennom vårt tverrfaglege samarbeid får du sjansen til å lære, bidra og utvikle framtidas løysingar.

Hos oss kan du forvente:

  • Innovative prosjekt: Bli med på banebrytande arbeid som driv berekraftig utvikling og teknologisk innovasjon.
  • Spennande utfordringar: Ta del i løysinga av komplekse tekniske og operasjonelle problemstillingar som utfordrar både tankegang og ferdigheiter.
  • Tverrfagleg samarbeid: Arbeid side om side med ekspertar frå ulike fagområde for å oppnå felles mål.
  • Kontinuerleg utvikling: Delta i prosjekt som stadig forbetrar og optimerer produksjons- og vedlikehaldsprosessane våre.
  • Digital transformasjon: Spel ei nøkkelrolle i vår satsing på digitalisering, og bidra til å implementere nye teknologiar som formar framtida.
  • Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, inspirerande arbeidsoppgåver, og eit inkluderande miljø der innsats og kreativitet blir verdsett.

Er du klar?

Søk i dag og bli med på laget vårt!

Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram

Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Krav til norskkunnskap: B1

Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Framtidsfylket AS orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Frå 15. desember venter fleire traineestillingar på deg i Vestland.

Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og set spor frå dag éin!

 Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hald deg oppdatert.

Kva vil det seie å vere trainee i Framtidsfylket? Her får du svara på ofte stilte spørsmål.

Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter!

Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser.

Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting.

Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt.

Les meir på Framtidsfylket.no

Webside https://www.framtidsfylket.no/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Trainee Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-03-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/bc825033-8c94-4d5f-832f-b3d00c393aaa
IMPORTAPI
https://karriere.no/jobb/elkem-soker-trainee-automasjon-5990095