Stillingsbeskrivelse
Published 22-12-2024
Deadline: Snarest
Elektroingeniør elkraft
Volti elektro er ei avdeling i VOLTI som utfører elektroinstallasjon og service for skip, næringsbygg, industri og bustadsmarknaden.
Vår aktivitet på installasjon av skip aukar voldsomt og vi søkjer difor etter dyktige medarbeidarar innanfor elektrofaget for å bidra i vårt team.
Hva vi ser etter
Vi ser etter personar som brenn for faget slik vi andre i Volti gjer, og som ser moglegheiter for korleis elektrotekniske system kan forbetrast både med tanke på produksjonsoptimalisering, og tekniske løysingar.
VOLTI har sett seg som mål å bidra til å gjere norsk verftsindustri konkurransedyktig med tekniske løysingar som gjer det effektivt å bygge avanserte skip i Noreg, også i framtida.
Erfaring frå faget er alltid viktig. Men vel så viktig er personlegheit og motivasjon. Difor søkjer vi også personar som ynskjer å lære meir om elektrofaget og har eit ynskje om å bidra til å utvikle miljøteknologi ombord i skip, samt andre elektrotekniske løysingar til skip.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver for elektrikarar vil vere:
-
Design og utvikling av maritime elektriske system.
-
Kunnskap og erfaring med CAD verktøy som Cadmatic, Etap, etc.
-
Berekningar og kalkulasjonar for elektrisk distribusjon.
-
Utvikling av nye teknologiske løysingar for forbetra energieffektivitet og redusert miljøavtrykk.
Vi tilbyr
VOLTI er eit ungt selskap med store planar, og har fått godt fotfeste i den maritime næringa. Her vil ein person som søkjer fagleg og personleg utvikling finne ein god arene saman med likesinna som heile tida jobbar for å sikre optimaliserte arbeidsprosessar og gode løysingar for våre kundar.
VOLTI har gode lønsvilkår, arbeidsvilkår, forsikrings- og pensjonsordningar.
Arbeidet vil i hovudsak foregå på Green Yard Kleven i Ulsteinvik.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Volti As orgnr: 931567497 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
VOLTI AS er eit teknologi-selskap etablert i Ulsteinvik, med automasjons-avdeling i Hovdebygda (Ørsta), og elektro-avdeling i Ulsteinvik. Ved å bringje framtidsretta og berekraftige løysingar til maritim næring vil Volti bidra til å styrkje konkurranseevna til verftsindustrien og utstyrsprodusentar i Noreg, samt syte for at kundar får dra nytte av ny teknologi til å betre sine prosessar og dermed effektivisere sitt arbeide for å auke eigen produktivitet og kvalitet. VOLTI er registrert elektroinstallatør og ekom-installatør. |
Webside | https://www.volti.no |
Bransje | Industri og produksjon |
Yrke | Elektro/elektronikk |
Sted | ULSTEINVIK (Adresse: c/o Green Yard Kleven, Klubbenesvegen 39 Postnr: 6065) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | Snarest |