Stillingsbeskrivelse
Published 17-12-2024
Deadline: 12-01-2025
Elektrikar, 100 % fast
Om stillinga
Me har ledig 2 faste stillingar som elektrikar i avdelinga for bygg, anlegg og elektro og ser etter deg som har allsidig erfarig som elektrikar. Det er ein spennande stilling som skal jobbe over fleire avdelingar i tenesteområdet, og vil inngå i eit fagmiljø med fleire elektrikare.
Vi har tre driftstasjonar i avdelinga, lokalisert på Alverflaten, Manger og Frekhaug, og arbeidsområdet er heile Alver kommune.
Dei viktigaste oppgåvene i avdelinga Bygg, Anlegg og Elektro er drift og vedlikehald av kommunale eigde og leigde bygg, skuler, sjukeheimar og kommunale utleigebustader. Vi har i dag over 160.000 kvm bygningsmasse som kommunen eig, rundt 365 kommunale utleigebustader, og over 9000 kvm leigd areal. Vi er samla sett 45 tilsette i avdelinga.
Avdelinga er ein del av tenesteområdet Drift og Vedlikehald som omfattar avdelingane bygg, anlegg og elektro, veg og VA, samt reinhald. Tenesteområdet har ansvar for alle kommunale bygg, vegar, vatn og avløp i kommunen.
Arbeidsoppgåver
Som elektrikarar i tenesteområdet vil arbeidsoppgåvene være varierte og vil blant anna bestå av;
- Drift og vedlikehald av tekniske installasjonar i kommunale bygg og leilegheiter
- internkontroll på kommunale bygg og leilegheiter
- brannalarmanlegg
- adgangskontroll
- data- og telefonlanlegg
Kvalifikasjonskrav
- Fagbrev som elektrikar
- Den som vert tilsett må ha førarkort kl. B
Ønskt kometanse
- Kjennskap til dataspredenett
- Kjennskap til SD anlegg
- Kjennskap til styring/automasjon. KNX- Dali
- Grunnleggande evner i bruk av dataverktøy
- Meistre norsk munnleg og skriftleg godt
Kven er du?
- Du er allsidig, fleksibel og rask til å setta deg inn i nye arbeidsoppgåver
- Du er ein open og ærleg lagspelar med gode kommunikasjonsevner
- Du ser verdien i gode HMS-rutinar
- Er pliktoppfyllande og lojal
- Er positiv og serviceinnstilt
- Du arbeidar sjølvstendig, men også i team
- Du meistrer bruk av dataverktøy
- Du meistrer norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar og evne til samarbeid vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr
- Utfordrande, meinigsfulle, varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver
- Fagleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø med dyktige og kompetente kollegaer
- Gode pensjon- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Lønn og tilsetjingvilkår etter lov- og avtaleverk
- Trygg og god arbeidsplass
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune!
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Alver kommune orgnr: 988240818 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Alver kommune – Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen. Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss. |
Webside | https://www.alver.kommune.no/ |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Arbeidsleder, bygg og anlegg |
Sted | ISDALSTØ (Adresse: Stølen 7 Postnr: 5914) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 12-01-2025 |