Ekstrahjelp til Vossabadet – Voss herad Vossabadet

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(1 uke siden)

  • VOSS
  •  Lagt til dato: 11. mars 2025
  •  Expire date: 9. april 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 11-03-2025
Deadline: 09-04-2025

Ekstrahjelp til Vossabadet

Er du ein sprudlande person som trivst best med badehår og shorts heile året? Er du like komfortabel med å slå av ein prat med badegjestene som du er med å ta eit svevande stup frå kanten (eller i det minste stå støtt på bassengkanten)? Då vil me ha deg med på laget!
Vossabadet og Voss Idrettshall KF lever etter mottoet #ReinGlede, og no treng me ekstrahjelpar som vil bidra til god stemning og trygge omgjevnader for alle som vitjar anlegga våre – både som badevert og til kafé/kioskdrift i Utebassenget. No når me skal gjenopna Utebassenget vert det eit utvida behov for bemanning gjennom sommaren (1.juni til 1.september), så om du vil kan du truleg kunne jobba ein del fleire timar gjennom sommaren og få ein tilpassa turnus gjennom desse månadene. Resten av året vil du kunne plukke opp ledige vaktar som ekstrahjelp.

Tilsetjinga skjer fortløpande i perioden

Om stillinga

Som tilkallingsvikar vil du bli kontakta ved behov, noko som gjev fleksibilitet for både arbeidsgivar og arbeidstakar. Og best av alt? Sommar betyr Utebasseng, sol (me kryssar fingrane!) og sjansen for fleire vakter.

Me tilbyr:

  • Ein arbeidsgjevar som trur på at glade og nøgde tilsette gjev glade kundar
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og gode pensjons- og forsikringsordningar. Eit ekstra tillegg for rolla som ansvarsvakt
  • Full opplæring innan livredning/fyrstehjelp, reinhald og driftsrutinar
  • Fleksibel arbeidstid- perfekt om du vil kombinera arbeid med studiar eller ein aktiv kvardag
  • Uniform: Shorts og slippers- året rundt 

Arbeidsoppgåver og ansvar:

  • Overvake bassengområdet og sikre tryggleiken for våre badegjester. 
  • Bidra til reinhald og trivsel i anlegget – tryggleik startar med reinhald.
  • Levere strålande service i resepsjon og kafé. 
  • Delta i vedlikehald av eigne ferdigheiter, inkludert halvårleg livredningstest.

 

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må vera fylt 18 år
  • Du er serviceinnstilt og positivt
  • Du må  bestå ein livredningstest
  • Du er ansvarsbevisst og handterer myndig situasjonar når det trengst.
  • Erfaring frå liknande arbeid eller interesse for aktivitet i vatn er eit pluss.

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad – Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Voss herad Vossabadet orgnr:
Kort om arbeidsgiver Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.

Verdiane våre er profesjonell – påliteleg – skapande – inkluderande

Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted VOSS (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Sesong Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 09-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2885e2f4-0197-4e90-8bf3-9afeeeb5b07d
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31