Einingsleiar Sunnylven og Geiranger distrikt – Stranda kommune

Health and social care Leder innenfor helsetjenester

(16 timer siden)

  • STRANDA
  •  Lagt til dato: 24. oktober 2024
  •  Expire date: 7. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 24-10-2024
Deadline: 07-11-2024

 

Einingsleiar Sunnylven og Geiranger distrikt

Stranda kommune er organisert etter prinsippet om flat struktur (2-nivåmodell) med 14 driftseiningar og stab/støttefunksjon direkte underlagt kommunedirektør.
Sunnylven distrikt og Geiranger distrikt er to av tre omsorgsdistrikt i Stranda kommune. Einingsleiar har eit sjølvstendig ansvar for fag, økonomi og personal og er organisatorisk underlagt kommunalsjef for helse og omsorg.

 

Frå 01.01.2025 har vi ledig fast stilling som einingsleiar Sunnylven og Geiranger distrikt i 100% stilling.

 

Sunnylven distrikt er ein omsorgsbustad med 23 leilegheiter, i tillegg blir det gitt heimeteneste og matombering til eit varierande tal heimebuande. 

Geiranger distrikt er ein omsorgsbustad med 9 leiligheiter, i tillegg blir det gitt heimeteneste på dagtid til heimebuande. 

Helse og omsorgssektoren i kommunen er i omstilling og i samband med dette skal einingsleiarfunksjonen delast mellom dei to distrikta, med oppmøtestad Sunnylven omsorgssenter. Einingsleiaren skal vere ved Geiranger omsorgssenter ein gong i veka eller oftare ved behov.

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.  Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. Offentleglova § 25.

 

Arbeidsoppgåver

  • Leiing av eininga, der både eininga og kommunen sine interesser skal stå i fokus
  • Økonomi- og personalansvar
  • Omstillingsprosessar
  • Prosjektarbeid
  • Ansvar for HMS og interkontroll
  • Arbeide strukturert for å nå eininga sine målsettingar

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg kompetanse på universitets- / høgskulenivå eller anna relevant utdanning
  • Leiarutdanning og/eller økonomisk/administrativ utdanning er ynskjeleg, men ikkje eit krav. Det vil bli lagt til rette for at ein kan tileigne seg manglande leiarutdanning
  • Gode leiareigenskapar og leiarerfaring blir vektlagt 
  • Kunnskap om økonomi, budsjettarbeid og personalleiing
  • Kjennskap til helsesektoren og offentleg forvaltning, herunder lov- og avtaleverk
  • Gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Utviklingsorientert, samlande, handlekraftig og tydeleg
  • Evne til å motivere, inspirere og støtte personalet i å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å leie omstillings- og utviklingsprosessar 

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar 

Vi tilbyr

 

  • Ein arbeidsplass som byr på varierte, krevjande og spennande arbeidsoppgåver
  • Samarbeid med fagleg dyktige medarbeidarar
  • Konkuranssedyktig lønn
  • I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank-, forsikrings- og spareprodukt. 
    Les meir: Offentleg tenestepensjon

Kontaktinformasjon

Jane Petrin Solheimsnes, Kommunalsjef, +47 46411003

Arbeidsstad

Sjøgata 16
6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 4876298886
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stranda kommune orgnr: 974617854
Kort om arbeidsgiver

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

Webside https://www.stranda.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Leder innenfor helsetjenester
Sted STRANDA (Adresse: Sjøgata 16 Postnr: 6200)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 07-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ea44b482-a7e1-4f53-9715-28a185a729b9
IMPORTAPI