Einingsleiar med fagansvar – 100 % fast stilling – Seljord Kommune Tilrettelagde tenester
Kontor og økonomi Ledelse administrasjon og radgivning(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 10-01-2025
Deadline: 05-02-2025
Einingsleiar med fagansvar – 100 % fast stilling
Seljord kommune har ledig ei spennande stilling som Einingsleiar med fagansvar for Tilrettelagde tenester.
Einingsleiar skal syte for dagleg drift, forvaltning og utvikling av tenesta og utøve arbeidsgjevarfunksjonen på vegne av kommunen. Denne har ansvar for budsjett-, resultat- og økonomistyring i samsvar med einingas vedtatte budsjett. Einingsleiar har ansvar for personal og har fullmakt til å tilsetje i samsvar med gjeldande reglar og avtalar.
Einingsleiar i Tilrettelagde tenester har eit særlig ansvar for å ivareta eit faglig fokus i tenesta. Det beregnast ca 60/40 fordeling mellom adminstrative oppgåver og oppgåver knytta til fagutvikling og brukaroppfølging. Einingsleiar inngår i kommunalsjefens leiargruppe innan helse og omsorg.
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar
- Relevant helse- og/eller sosialfagleg utdanning – minimum bachelor nivå
- Leiarerfaring. Ynskeleg med leiarutdanning — eller at ein er villig til å tilegne seg denne kompetansen
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide strategisk og systematisk
- Engasjement og interesse for fagleg utviklingsarbeid
- Gode IKT kunnskapar
- Gode ferdigheiter i norsk språk, skriftleg og munnleg
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Personlege eigenskaper
- Gode relasjonelle eigenskapar og ein inkluderande leiarstil
- Tenker heilskapeleg og er lojal mot avgjersler og vedtak
- Tydeleg, strukturert og synleg
- Trivast i ein travel kvardag og tåler å stå i krevjande situasjonar
- Fleksibel, viser initiativ og er løysingsfokusert
- Fagleg engasjement og evne til å samarbeide tverrfagleg
- Likar å jobbe i team og gjere andre gode
- Har gjennomføringsevne, er resultat- og løysingsorientert
Arbeidsoppgaver
- Sikre et tydelig fagfokus — og at tenestene blir levert til et faglig godt nivå
- Vidareutvikle tenestetilbod tilpassa brukargruppa sine behov
- Samarbeid med aktuelle instanser ift arbeid, skule, heim, nye vedtak osv.
- Ansvar for dagleg drift, arbeidstidsplanlegging og sjukefråværsoppfølging
- Økonomi – og budsjettansvar
- Administrative oppgåver
- Ansvar for strategisk planlegging, kontinuerlig forbetringsarbeid og fagutvikling
- Personalansvar
- Pådrivar for eit godt arbeidsmiljø
- Ansvar for systematisk HMS arbeid og internkontroll
- Sikre involvering og samarbeid med tillitsvalte og verneteneste.
Innhold i stillingen vil avhenge noe av kvalifikasjoner og kompetanse.
Vi tilbyr
- Ei spannande leiarstilling i eit innovativ arbeidsmiljø
- Å jobbe tett saman med vernepleierfagleg ansvarleg, kommunalsjef og leiargruppa innan helse og omsorg
- Å kunne påverke og utvikle framtidige helse — og omsorgstenester i Seljord kommune
- Lønn etter avtale
- Pensjonsordning gjennom KLP
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Seljord Kommune Tilrettelagde tenester orgnr: 976644107 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Tilrettelagde Tenester i Seljord kommune leverer tenester til personar med ulike funksjonsvariasjonar og hjelpebehov. Tenesta drifter mellom anna bustader, avlastning og aktivitetssenter. Tenesta har 20 fast tilsette fordelt på i overkant av 13 stillingsheimlar. Tenesta er godt organisert og kan skilte med et triveleg arbeidsmiljø. Meir om kommunen: |
Webside | https://www.seljord.kommune.no/ |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Ledelse, administrasjon og rådgivning |
Sted | SELJORD (Adresse: Jakob Naadlands veg 6 Postnr: 3840) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | 05-02-2025 |