Einingsleiar Måseide barnehage – Kultur og oppvekst, Sula kommune

Education Barnehage og skolefritidsassistenter

(2 uker siden)

  • MAUSEIDVÅG
  •  Lagt til dato: 10. september 2024
  •  Expire date: 29. september 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 10-09-2024
Deadline: 29-09-2024

 

Einingsleiar Måseide barnehage

Vil du jobbe saman med oss for å gi barn ein god oppvekst i Sula kommune?  I Sula kommune har vi barnehagar av høg kvalitet og Måseide barnehage er ein av desse. Barnehagen har fire avdelingar og ligg plassert i Mauseidvågen. Vi legg vekt på å bygge gode relasjonar til barna, og er oppteken av at barna skal oppleve tryggleik, meistring og at dei skal få gode opplevingar.

 

Som leiar får du mange dyktige fagfolk med på laget ditt. Du er med i leiargruppa i kommunalområdet kultur- og oppvekst, samt at du er ein del av kommunedirektøren si mellomleiargruppe. I tillegg får du bidra til tverrfagleg utvikling  og internasjonalt utdanningssamarbeid.     

Sula kommune har ein organisasjonsstrategi som skal bidra til at vi nyttar vår samla kompetanse til å nå kommunen sine mål, som er å levere gode og berekraftige tenester til innbyggarane​. Leiarar går føre og viser veg.  Måseide barnehage vil vere ein god arbeidsplass for deg som ønsker å bidra til endring og utvikling. 

Visjonen til Måseide barnehage: «Tryggheit, meistring og gode opplevingar». Les gjerne meir om oss på heimesida vår Måseide Barnehage.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg ansvar for drift og budsjett.
  • Personalansvar for faste og midlertidige tilsette i barnehagen.
  • Fagleg ansvar for kvalitet, retning og pedagogisk utvikling.
  • Tverrfagleg samarbeid med andre einingar og avdelingar i kommunen.
  • Utvikling av barnehagen i tråd med nasjonale og lokale føringar inkludert Internasjonalt utdanningssamarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent 3-årig høgskuleutdanning som gir barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse.
  • Styrarutdanning/leiarutdanning, og/eller relevant leiarerfaring.
  • God arbeidskapasitet og gjennomføringsevne. 
  • Kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta.
  • Høg digital kompetanse.
  • God økonomisk kompetanse.
  • Gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg framstilling. Tenestemål i Sula kommune er nynorsk                                                                                                                     
  • Gyldig politiattest nyare enn 3 mnd, må leggast fram før oppstart i stillinga. 

Personlege eigenskapar

Vi søker etter ein leiar som:

  • er løysingsorientert, nytenkande og utviklingsorientert. Ein inspirerande leiar som set tydeleg retning. 
  • er strukturert og systematisk i sitt arbeide med å oppnå gode resultat.
  • identifiserer seg med kommunen og barnehagen sin visjon og verdiar.
  • er open og ærleg med ein naturlig autoritet som skaper positivt engasjement i arbeidsfellesskapet. 
  • har evne til å ivareta og videreutvikle barnehagen sin kultur og sitt leike- og læringsmiljø.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Engasjert og dyktige kollegaer i eit godt arbeidsfellesskap.
  • Godt samarbeid mellom leiarane i barnehagane og tverrfaglege samarbeidspartar.
  • Lønn etter gjeldande tariff. Frå lønna blir det trekt 2 % innskot til pensjonsordning.
  • Gratis parkering

Nærare opplysningar om stillinga – ta kontakt med kommunalsjef Ragnhild Hanken Skjong el. HR-leiar Liv-Hilde Ruud

Kontaktinformasjon

Ragnhild Hanken Skjong, Kommunalsjef, 99738686, Ragnhild.Hanken.Skjong@sula.kommune.no
Liv-Hilde Ruud, HR-leiar, 46540991, Liv.Hilde.Ruud@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Myrbekkane 15
6036 Mauseidvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 4857887481
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.09.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kultur og oppvekst, Sula kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune. 

Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg. 

 

Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta.   

 

Meir informasjon om Sula kommune her

 

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted MAUSEIDVÅG (Adresse: Myrbekkane 15 Postnr: 6036)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 29-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6a2fd76d-81a1-405c-a02d-4e9795b0f30d
IMPORTAPI