Einingsleiar, 100% vikariat – Gulen kommune
Construction Arealplanlegging og arkitektur(20 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 19-12-2024
Deadline: 19-01-2025
Einingsleiar, 100% vikariat
Om stillinga
Frå midten av april 2025 til mai 2026 har Gulen kommune, ved Plan, landbruk og teknisk, ledig 100% vikariat som einingsleiar. Dette er ei spanande stilling i ein kommune i rask utvikling, med eit ambisiøst og pulserande næringsliv. Kommunen har i tillegg ein rik og mangfaldig natur med lang kystlinje.
Som einingsleiar for plan, landbruk og teknisk vil du verte ein del av Gulen kommune sitt samla leiarforum. Du vil arbeide tett saman med eining Eigedomsforvaltning og avdeling for Innbyggarservice. Du vil jobbe i hjartet av samfunnsutviklinga i kommunen, både gjennom planlegging og ved å gi nødvendige løyver til realisering. Fagområda i eininga er; byggjesak, kart og oppmåling, arealplanlegging, skog og landbruk, viltforvaltning, miljø, klima og forureining.
Me har stillingsheimlar for 10 tilsette i eininga i dag, men dette kan endre seg i takt med dei samfunnsmessige behova. Me ynskjer ei eining kor alle tilsette får innsikt i heilskapen i samfunnsutviklinga og brei fagkompetanse innanfor fleire av fagområda. Dersom du er samfunnsengasjert, trivast med å leie motiverte tilsette, glad i utfordringar og varierte arbeidsoppgåver på tvers av fagområde, så er dette jobben for deg!
Me tilbyr
- Ein spanande og variert arbeidskvardag
- Digitaliseringskompetanse
- Godt arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter til å utvikle deg, ta initiativ og styre din eigen arbeidskvardag
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Me har fleksitid, og kan vurdere delvis heimekontorløysing ved behov
- Løn etter avtale
- Hjelp til å skaffe bustad
Arbeidsoppgåver
- Overordna fagleg ansvar
- Personal- og økonomiansvar for eininga
- Særleg ansvar for saksførebuing til politisk behandling
- Prosessleiar og deltakar i utarbeiding av overordna planer og strategiar
- Tett dialog med innbyggjarar og næringsliv, både generelt og ved handsaming av konkrete saker
- Elles andre oppgåver som måtte kome til
Me er på jakt etter nokon som vert motivert av å bidra til utvikling av kommunen. Digitalisering av arbeidsprosessar er ei viktig satsing for kommunen, og du vil delta aktiv i dette arbeidet.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå innan relevante fagområde, som til dømes bygg- og miljø, arkitektur, juss eller arealplanlegging
- Det er ynskjeleg at du har leiarerfaring innan eitt eller fleire av stillinga sine fagområde
- God til å setje deg inn i nye digitale system
- Det er ynskjeleg at du har kjennskap til plan- og bygningslova, samt anna relevant lovverk
- Gode framstillingsevner og forståing for forvaltninga sine prosesser
Personlege eigenskapar
- God rolleforståing og utøve tydeleg og fagleg trygt leiarskap
- Vert motivert av å medverke til utvikling av kommunen
- Strukturert, systematisk og leverer arbeid av god kvalitet
- Løysingsorientert, fleksibel og sørvisinnstilt
- Har gode samarbeidsevner og er ein god lagspelar for kollegaer
- Å vere personleg eigna vil verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- Me gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Gulen kommune orgnr: 874556122 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har 2228 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
|
Webside | https://www.gulen.kommune.no/ |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Arealplanlegging og arkitektur |
Sted | EIVINDVIK (Adresse: Eivindvikvegen 1119 Postnr: 5966) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 19-01-2025 |