Eininga idrett og friluftsliv søker ny driftskoordinator idrett – Sunnfjord kommune Idrett og friluftsliv
Kontor og økonomi Kontor forvaltning og saksbehandling(16 timer siden)
Flere ledige stillinger fra Sunnfjord kommune Idrett og friluftsliv
Stillingsbeskrivelse
Published 05-11-2024
Deadline: 20-11-2024
Eininga idrett og friluftsliv søker ny driftskoordinator idrett
Eininga idrett og friluftsliv er ei engasjert og inkluderande eining med eit stort potensiale for utvikling. Vi består av leiar, 3 på administrasjon ,banemeister og 5 badevakter.
Vi har ansvar for:
- utleige av kommunale idrettsanlegg inne og drift av idrettsanlegg ute
- offentleg bading
- samarbeid med lag og organisasjonar innafor idrett og friluftsliv
- sakshandsaming av spelemidlar for idrett, forvaltning av motorferdsel i utmark og oppfølging knytt til verna område og tre naturreservat
- statleg sikra friluftsområde, drift av dagsturhyttene og toppturparkering og oppfølging av friluftslivprosjekt
Vi har ledig stilling:
- Idrettskonsulent, 100 % fast stilling
Kontorstad er ved Førdehuset, men arbeidsoppgåver er også knytt til idretten i heile kommunen. Arbeidstid er i hovudsak på dagtid, men arbeid i helg og på kveldstid må påreknast.
Krav til søkar:
- 3-årig høgare utdanning eller meir. Anna relevant utdanning og erfaring kan kompensere for manglande høgare utdanning
- erfaring frå eit eller fleire av områda idrett, frivilligarbeid, økonomi og administrasjon, eller liknande område
- erfaring med budsjett og fakturering
- har datakunnskap og erfaring med digitale kommunikasjonsplattformer
- gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
- førarkort klasse B
- vilje og evne til å vere med å utvikle tilbodet og til å lære nye arbeidsoppgåver
- kunne jobbe strukturert, strategisk og praktisk
Du bør:
- ha livreddarprøve, eller ta den
- vere engasjert i idrett og/ eller frivillig arbeid
- vere initiativrik, løysingsorientert og ha gode samarbeidsevner
- ha erfaring med idrettsanlegg
- vere kreatid ov sjå mogelegheiter
- god gjennomføringsevne
Vi tilbyr:
- faglege utfordringar
- ein arbeidsplass du kan vere stolt av
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO