Stillingsbeskrivelse

Published 02-04-2025
Deadline: 21-04-2025

Eininga Fagutvikling søker ny

Vi har ledig 100 % fast stilling frå 05.05.25 som rådgjevar med primært skulefagleg kompetanse.

Stillinga er lagt til stabseining for Fagutvikling. Rådgjevaren er ein del av eit tverrfagleg team som jobbar med heilskaplege tenester mot born og unge, og skal særskilt vere med å initiere og gjennomføre utviklings- og forbetringsarbeid i oppvekstsektoren. Sunnfjord kommune skal gjennomføre store strukturendringar i skule og barnehage dei neste åra, og denne stillinga vil vere sentral i dette arbeidet.

Aktuelle arbeidsområde: 

  • Sikre gjennomføring av politisk vedtekne strukturendringar i oppvekstsektoren
  • Fordeling av ressursar og oppfølging av innmelde behov
  • Skulemiljø og bistand til skulane i skulemiljøsaker
  • Oppfølging av vedtak og klagar
  • Handsame søknadar om avvik frå krinsgrenser og skyss
  • Utviklingsarbeid i skulen, med for tida arbeid inn mot langsiktig utviklingsplan og desentraliserte kompetanseordningar
  • Legge til rette for kompetanseutvikling i sektoren
  • Rammeplan og ressursfordeling SFO
  • IKT med vekt på logistikk, oversikter og utvikling
  • Sakshandsamar i politiske saker
  • Delta i planlegging og gjennomføring av rektormøte
  • Eksamensavvikling

Vi søker etter ein person som har: 

  • Relevant høgskuleutdanning med master, leiing og utviklingsarbeid, tilpassa opplæring eller liknande. Anna relevant utdanning og/eller lang erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • (Prosjekt-)Leiarerfaring med gjennomføring av større utviklings- og endringsprosjekt.
  • Erfaring frå pedagogisk arbeid i skule, samt system- og utviklingsarbeid innan skule og forvaltning.
  • Interesse for IKT og bruk av IKT som verktøy i skulen.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Vi legg vekt på at søkar er personleg eigna til stillinga, og søker personar som har: 

  • Evne til å motivere, skape engasjement og tillit
  • Har ei heilskapleg tilnærming i arbeidet med born og unge
  • God relasjons-, samarbeids- og kommunikasjonsdugleik
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert, men også trivast med å jobbe i team
  • Evne til strategisk tenking, analyse og utgreiing
  • Er initiativrik og fleksibel
  • Stor arbeidskapasitet

Vi tilbyr:

  • Varierte og utfordrande oppgåver i eit spanade og utviklande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk

Link til søknadsskjema: Søk her
 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sunnfjord kommune Fagutvikling orgnr: 988296104
Kort om arbeidsgiver Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted FØRDE (Adresse: Hafstadvegen 42 Postnr: 6800)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/18e39aa2-6905-4cbd-b779-101bf39b4330
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31