Eigedomsforvaltar – Helse Møre og Romsdal HF

Salg og service Eiendomsmegler

(1 uke siden)

  • MOLDE
  •  Lagt til dato: 2. april 2025
  •  Expire date: 1. mai 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 02-04-2025
Deadline: 01-05-2025

Eigedomsforvaltar

Er du ein strukturert og løysingsorientert person med interesse for eigedomsforvaltning? Vi søkjer ein dyktig eigedomsforvaltar som vil spele ei nøkkelrolle i forvaltninga av eigedomane til Helse Møre og Romsdal HF.

Seksjon for eigedomsforvaltning og utbygging er organisert under Klinikk for drift og eigedom. Seksjonen sine oppgåver er knytte til forvaltning av all eigedom i føretaket med tilhøyrande sjukehus og institusjonar, med eit samla areal på om lag 210 000 m². Seksjonen har òg ansvar for planlegging og gjennomføring av bygningsmessige tiltak i tilknyting til bygga. Helse Møre og Romsdal HF har verksemd ved Ålesund sjukehus, Volda sjukehus, SNR Hjelset, DMS Kristiansund og fleire mindre institusjonar, i tillegg til ambulansestasjonane. Det må difor reknast med noko reiseverksemd.

For tida har seksjonen 11 tilsette, og vi tilbyr ei variert stilling med stort ansvar, spennande utfordringar og gode utviklingsmoglegheiter i eit engasjert arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

Stillinga er knytt til eigedomsforvaltning ved seksjonen. Eigedomsforvaltninga har i tida framover mange oppdrag knytte til løysing av arealbehov i føretaket, leigekontraktar og avhending av eigedom.

  • Arealsaker i sjukehus og institusjonar: Planlegging, vurdering og sakshandsaming av arealsaker, samt utarbeiding av avgjerdsgrunnlag.
  • Leigeavtalar (innleige/utleige): Utarbeiding, oppfølging og fakturering i samsvar med avtalar. Leigeavtalene omfattar bla. 35 ambulansestasjonar.
  • Internhusleige: Halde arealoversikt i dialog med seksjonens BIM-operatørar. Administrere avtalar og ha oversikt på eiendomsøkonomi (kostnadar og
    inntekter for bygg) i dialog med økonomiavdelinga.
  • Formidling av personalbustader i samsvar med HMR sin strategi.
  • Avhending av eigedomar: Avklare og rydde opp i eigedomsforhold, oppfølging av eigedomsmeklar og koordinering av utflytting.
  • Utarbeiding og revidering av standarddokument og malar.
  • Andre oppgåver knytte til eigedomsforvaltning i føretaket.

Disse oppgavene vil en måtte løse i tett samarbeid med andre på seksjonen og andre avdelinger i foretaket.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter ein kandidat med allsidig erfaring frå eigedomsbransjen. Ønskte kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning innan eigedomsforvaltning (bygningsteknisk kompetanse er ein fordel)
  • Kunnskap om relevant lovverk og standardar (avhending, eigedom, plan- og bygningslova)
  • God økonomisk forståing og evne til å arbeide resultatorientert
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner og trivast med å jobbe i eit tverrfagleg arbeidsmiljø.
  • Vere sjølvstendig og ansvarsbevisst med evne til å ta initiativ og gjennomføre oppgåver.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Vere løysingsorientert, fleksibel og ha evne til å omstille deg ved endringar.
  • Vere serviceinnstilt, imøtekomande og bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Vi legg vekt på personlege eigenskapar, og di erfaring vil vere ein viktig ressurs for teamet. Deling av kunnskap og gode erfaringar blir verdsett.

Vi tilbyr

  • Eit kunnskapsrikt og engasjert fagmiljø med spennande arbeidsoppgåver og høg aktivitet.
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid.
  • Ein inkluderande arbeidsplass.
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar.
  • Fleksitid.
  • Medlemskap i ei god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår.

Arbeidsstad for stillinga er ved kontoret vårt i Julsundvegen 47 i Molde. Seksjonen har òg kontorlokale i Ålesund ved Ålesund sjukehus, og det kan vurderast å leggje stillingsstad dit dersom det skulle vere grunnlag for det.

Kontaktinformasjon

Torolv Dalheim, Seksjonsleiar, +47 41668322

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4864870036
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 01.05.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helse Møre og Romsdal HF orgnr: 974576465
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Salg og service
Yrke Eiendomsmegler
Sted MOLDE (Adresse: Julsundvegen 47 Postnr: 6412)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2025
Søknadsfrist 01-05-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/36fa073d-77d3-42e4-8a79-6d1d24e48de0
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31