Eigedom – Øygarden kommune Eigedom

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(2 dager siden)

  • STRAUME
  •  Lagt til dato: 16. desember 2024
  •  Expire date: 12. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 16-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Eigedom

Vi søkar to rådgjevarar til eininga Eigedomsutvikling. Har du engasjement for eigedomsrett og trivst i eit miljø med høge forventningar, spennande arbeidsoppgåver og eit samfunn i stor utvikling? Då er dette kanskje stillinga for deg.

Eigedom består av einingane eigedomsutvikling, byggforvaltning, utbygging, vegforvaltning og reinhald. Eigedomsutvikling har ei viktig rolle for å sikre at kommunen er ein profesjonell, føreseieleg og utviklingsorientert grunneigar og samarbeidspart. Eigedomsutvikling har som oppgåve å sikre kommunens eigarinteresse i planprosessar, utviklingsarbeid, samt forvaltingsforhold. Eininga har også et viktig kontaktpunkt mot næringslivet for å sikre utbyggingsavtalar og utvikling av Øygardssamfunnet. I tillegg er ansvaret for klima og energi, mobilitet (pådrivar for innovative mobilitetsløysingar, koordinering av nytt Sotrasamband, Miljøløftet m.fl.), kjøp/sal av kommunale bygg og leigetilhøve lagt til eininga.

Arbeidsoppgåver:

  • Kjøp og sal av eigedom med tilhøyrande prosessar (t.d. tinglysing, frådeling, grensejustering m.m).
  • Framforhandle og inngå leigekontraktar, og avslutte leigekontraktar
  • Oppfølging av leigekontraktar
  • Handsaming førespurnader knytt til rettigheiter i kommunal grunn.
  • Handsame førespurnader til kommunen som grunneigar og nabo.
  • Saksførebuing for politiske saker knytt til fagområde.
  • Delta i utbyggingsprosjekt med ansvar for kjøp av grunn og sikring av naudsynte rettigheiter for gjennomføring av prosjektet.
  • Eigedomsrettsleg rådgjeving internt i kommunen kring fagfeltet.
  • Andre oppgåver på eininga må og påreknast.

Kvalifikasjonar: 

  • Formell utdanning på høgskule- eller masternivå
  • Det er ønskeleg med juridisk kompetanse i minst ein av stillingane.
  • Lang og dokumentert erfaring kan kompensere for formell kompetanse

Personlege eigenskapar:

  • Gode kommunikasjon- og samhandlings eigenskapar
  • Systematisk, evne til å prioritere og sikre gjennomføring
  • Du skriv godt og presenterer gjerne munnleg for andre det du har skrevet
  • Fleksibel
  • Initiativrik og sjølvstendig

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Gode moglegheiter for heimekontor

Kontakt: 

Einingsleiar eigedomsforvaltning Christian Alsaker, tlf: 991 13 416

Eigedomssjef Jarle Kvalvik, tlf: 409 23 738

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Øygarden kommune Eigedom orgnr: 979352743
Kort om arbeidsgiver Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted STRAUME (Adresse: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1 Postnr: 5354)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/bacea51d-b3e6-4629-9a1f-c6c005d7dd17
IMPORTAPI