Stillingsbeskrivelse

Published 18-12-2024
Deadline: 15-01-2025

 

Drives du av eit aktivt miljø i eit godt team? Har du lyst å lære meir om velferdsteknologi? Da er du vår nye kollega!

Er du utdanna helsefagarbeidar?

Me har ledig to faste stillingar som helsefagarbeidar 100 % og 80 % ved Årdal omsorgssenter med oppstart 01.04.2025. Stillinga inngår i tredelt turnus med helgearbeid. 

Helsefagarbeidar 100 % er fast i vikarpool det vil sei 14 dager varsel ved oppsigelse av turnus

Helsefagarbeidar 80 % er tredelt men for tida rein nattevaktstilling

Er du sjukepleiar, helsefagarbeidar, student eller har du lyst å prøve eit nytt yrke?

Me har også ledige faste helgestillingar på: 17,6% kver fjerde helg og 17,3% kver tredje helg

Årdal omsorgssenter er eit av to omsorgssentre i Hjelmeland kommune. Omsorgssenteret har ei demensavdeling med 8 langtidsplasser og ei somatisk avdeling med 13 langtidsplasser. Årdal omsorgssenter satsar bredt på velferdsteknologi og kan tilby spennande arbeidsoppgåver knyta opp mot ei variert pasientgruppe. 

 Ansvar og arbeidsoppgåver

– delta i stell, pleie og daglege gjeremål
– oppgåver ut frå fagkompetanse (legemiddelhandtering, primærkontakt funksjon)
– observarsjonar og dokumentasjon
– ivareta bebuarane sine individuelle behov

Kvalifikasjonar og vilkår
– har helsefagleg utdanning – helsefagarbeidar med norsk autorisasjon
– ufaglærte er også velkommen til å søkje
– erfaring frå arbeid innan eldreomsorg
– sertifikat kl B er ynskjeleg, men ikkje eit krav
– bestått språkopplæring på nivå B2

Me søker etter ein person som
– 
bidra aktivt til eit godt miljø
– er sjølvstendig og tar initiativ
– har god kjennskap til data/fagsystem som dokumentasjonsverktøy
– er fagleg dyktig
– er positiv og motivert
– er løysingsorientert og fleksibel
– liker å være i kontakt med mennesker
– er nøyaktig og ikkje redd for å ta i eit tak

Me tilbyr
– godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgaver
– løn etter gjeldande avtaleverk
– helsefagarbeidar med kurs i medisinhåndtering får eit tilegg på kr 3000,- pr år
– pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
– ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
– gratis barnehage

Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside. 

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hjelmeland kommune Årdal omsorgsenter orgnr: 974549743
Kort om arbeidsgiver Tenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utanfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1092 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6c10f954-3e96-459c-a209-76e82af80b34

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted ÅRDAL I RYFYLKE (Adresse: Melevegen 136 Postnr: 4137)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/05249d13-f3c6-452d-81c9-83b1bdb5926b
IMPORTAPI