Driftsteknikar – Forvaltning og drift, Volda kommune, Eigedom
Construction Andre ingeniorer(1 dag siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 20-10-2024
Deadline: 04-11-2024
Driftsteknikar
Vi søker etter driftsteknikar for eigedomsavdelinga i Volda Kommune. Vi har etterkvart mange moderne og driftsmessig spennande bygg, og fleire spenstige byggprosjekt står føre. Som driftsteknikar med oss får ein ein svært allsidsig arbeidkvardag med varierte arbeidsoppgåver, både avanserte tekniske utfordringar, og menneskenære oppgåver. Ein arbeider sjølvstendig og i team med andre kollegaer. Ein samarbeider tett både med kollegaer i eigen avdeling og tilsette elles i Samfunnsutvikling, -og med tilsette i andre sektorar innan Oppvekst og Helse/omsorg.
Ein driftsteknikar i Volda Kommune har stor innverknad på sin eigen arbeidskvardag.
Som driftsteknikar får du ansvar for oppfølging av eit antall bygg. Ein har oppmøteplass og base i Volda Brannstasjon, Prestegata 33. Kvar einskild driftsteknikar disponerer bil og utstyr rigga til arbeidsoppgåver som ligg til stillinga.
Arbeidsoppgåver
Driftsteknikar sine arbeidsoppgåver er hovudsakleg drift av kommunale bygg. Arbeidsoppgåvene er varierte, og ein vert utfordra på fleire fagfelt som bygg, ventilasjon, elektro, vvs, mekanikk og anlegg.
Personen vi søker etter vil delta i teknisk team som har overordna ansvar for dei tekniske anlegga i kommunale bygg. Der legg ein føringar for utvikling og prioritering av desse tekniske anlegga.
Kvalifikasjonar
Har du relevant utdanning og erfaring innan automasjon/ventilasjon er du særleg interessant for oss,
men rør/VVS, byggfag og byggdrift kan også vere relevante fagområde. Har du utdanning og erfaring innan andre liknande fagfelt, så er du sjølvsagt velkommen til å søke.
Eigedomsavdelinga i Volda Kommune tek mål av seg å vere leiande på digital kompetanse innan fagfeltet. Så har du god digital kunnskap eller interesse er det eit stort fortrinn, likeeins erfaring og bruk av Office 365.
Politiattest vert kravd
Førarkort kl B/BE eventuelt at førerkort for tilhengar vert tatt innan 12 månader etter tilsetjing
Personlege eigenskapar
Ansvarsbevisst
Gode kommunikasjonsevner
Gode skriftlige og munnlege ferdigheiter i norsk
Løysingsorientert og serviceinnstillt
Kunne arbeide i team
Kunne bruke data som arbeidsverktøy
Identifisere seg med kommunen sine kjerneverdiar:
RAUS
MODIG
KOMPETENT
LÆRANDE
Vi tilbyr
Faglege utfordringar
Gode pensjons og forsikringsordningar
Ein arbeidsplass med inkluderande arbeidsliv
Naudsynt opplæring og kursing
Løn etter kvalifikasjonar
Kontaktinformasjon
Odd Harald Sundal, Seksjonsleiar, +47 96012601, odd.harald.sundal@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Prestegata 33
6100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 4874969971
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Forvaltning og drift, Volda kommune, Eigedom orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien. I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i. Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut. Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss! |
Webside | www.volda.kommune.no |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Andre ingeniører |
Sted | VOLDA (Adresse: Prestegata 33 Postnr: 6100) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 04-11-2024 |