Driftsteknikar – Drift- /teknisk divisjon/ Bustadkontoret, Helse Bergen
Construction Andre ingeniorer(24 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 19-12-2024
Deadline: 12-01-2025
Driftsteknikar
Bustadkontoret er ansvarleg for drift og vedlikehald av Helse Bergens personalbustader, med tilhøyrande uteareal. Bustadkontoret har totalt 300 bueiningar for utleige.
Vi har ledig 100% fast stilling som Driftsteknikar ved Bustadkontoret, Helse Bergen.
Vi søker ein serviceinnstilt og løysingsorientert driftsteknikar til vårt team ved Bustadkontoret i Helse Bergen. I denne rolla vil du få ansvaret for oppfølging av bustader, samt bidra til vedlikehald, snømåking, salting og teknisk drift. Du vil spele ein viktig rolle i å sikre at våre bygningar og fasilitetar er i god stand. Bustadkontoret har bustader i Bergen, Hagevik, Hunstadsvingen og på Voss, hovudtyngda av bustader er i Haukelandsbakken.
Arbeidsoppgåver
- Bistå leigetakarar når det blir meldt om feil og manglar
- Utføre vedlikehald og reparasjonar i bustader
- Oppfølging av bygge- og rehabiliteringsprosjekt, inkludert samarbeid med eksterne entreprenørar og leverandørar
- Sørge for at bygningsmassen er vedlikehaldt gjennom regelmessige inspeksjonar
- Klargjering av leiligheiter for inn- og utflytting
- Gjennomføre brann- og lysrunde i fellesareal
- Snømåking og salting vinterstid
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan eit av byggfaga er ønskeleg, men søkarar med relevant erfaring frå liknande arbeid oppfordrast også til å søke
- Noko IKT-kunnskap
- Erfaring frå tverrfagleg arbeid er ønskeleg
- Erfaring frå eigedomsdrift og vedlikehald er ein fordel
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt
- Løysingsorientert
- God orden
- Liker å jobbe både i team og sjølvstendig
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, både skriftleg og munnleg
- Pålitelig
- Raus og respektfull i møte med leietakarar og kollegaer
Vi tilbyr
- Lønn iht gjeldane overeinskomst
- Deltaking på relevante kurs og seminar
- Godt arbeidsmiljø med spennande utfordringar på tvers av fag
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kristoffer Nielsen Myrjord, 55973339, boligkontoret@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4898893699
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Drift- /teknisk divisjon/ Bustadkontoret, Helse Bergen orgnr: 973639633 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Andre ingeniører |
Sted | BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 12-01-2025 |