Driftsleiar vatn, avløp og overvatn – Kommunalteknikk, Stad kommune
Construction Ingenior bygg(2 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 19-12-2024
Deadline: 12-01-2025
Driftsleiar vatn, avløp og overvatn
Har du lyst på utfordrande arbeidsoppgåver i Verdas beste vesle Stad? Vi søkjer etter ny Driftsleiar på vatn, avløp og overvatn (VAO).
Kommunalteknikk er ei eining under kommunalområdet Kultur og Samfunn i Stad kommune, saman med Eigedom, Kultur, Plan og forvaltning og Brann. Kommunalteknikk har ansvaret for all offentleg infrastruktur i kommunen. Vi skal drifte og vedlikehalde kommunalt vegnett, parkanlegg, hamn, kommunaltekniske anlegg og infrastruktur knytt til vassforsyning, avløp og overvasshandtering. Prosjektavdeling og Innkjøp er også organisert under kommunalteknikk. Vi gjennomfører små og store kommunaltekniske investeringsprosjekt og byggprosjekt årleg.
Kommunalteknikk har totalansvar for planlegging, utbygging, forvaltning, drift og vedlikehold av alle kommunale vann- og avløpsanlegg i Stad kommune. Kommunalteknisk drift er delt inn i to driftsgrupper – driftsgruppe Vegdrift og Park, og driftsgruppe VAO.
Driftsgruppe VAO – vatn, avløp og overvatn, har ansvar for drift og vedlikehold av eit transportsystem med 340 km VAO ledningsnett. Vi har 9 vassverk, 12 høgdebasseng, 16 små og store renseanlegg for avløp, og 34 pumpestasjonar for avløp.
VAO har til sammen 11 tilsette pr i dag. Stillinga som driftsleiar VAO går inn i dette teamet, og får ansvar for driftsoperatørane i driftsgruppa på VAO.
Stad kommune har vedteke 3 nye temaplanar på vatn, avløp og overvatn i 2022-2034, med mange naudsynte investeringar i planperioden. Vi skal gjennomføre både store og små investeringsprosjekt dei komande åra. Det skal bl.a byggjast nytt renseanlegg på Nordfjordeid, og i Selje, nye høgdebasseng, samt ledningsfornying.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg planlegging drift VAO.
- Leie og organisere vedlikehold og service på kommunens vann- og avløpssystem, med eit klart fokus på HMS, kvalitet og effektivitet.
- Bidra aktivt i mindre utskiftings- og forbetringsprosjekt, med fokus på miljø, innovasjon og bærekraft.
- Ansvar for dokumentering og rapportering av drift- og vedlikeholdsoppgåver.
- Jobbe tett med andre fagavdelingar, inkludert hamn, veg og park, for å sikre heilhetlige løysningar for kommunen.
- Beredskap – Tiltrer vaktordning – VAO vakt indre (firedelt rotasjon heile året)
- Koordinere behov for opplæring i driftsgruppa
- Andre arbeidsoppgåver må påreknast.
Kvalifikasjonar
- Relevant fagbrev; bygg og anlegg, rørleggar, prosess, automasjon, og tilsvarande.
- Relevant fagskuleutdanning; bygg og anlegg, rørleggar, prosess, automasjon, og tilsvarande.
- Ønskeleg med relevant fagkompetanse og erfaring innan vatn og avløp og overvatn
- Ønskeleg med bachelor, men ikkje eit krav
- Villig til opplæring/kursing
- Ønskeleg med erfaring frå innmåling, Bruk av GPS
- Ønskeleg med erfaring frå GIS systemer (Gemini), Civil 3D, Vardak, Autocad
- Ønskeleg med erfaring fra Microsoft office, Power Apps
Personlege eigenskapar
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Gode samarbeidsevner
- Framoverlent
- Effektiv
- Løysningsorientert
- Likar å ha ansvar og tek initiativ
- Har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
Vi tilbyr
- Ei spennande og utfordrande fulltidsstilling i ein framoverlent kommune som satsar på utvikling og innovasjon.
- Moglegheit til å gjere ein reell forskjell for lokalsamfunnet ved å bidra til ei trygg og effektiv vann, avløps- og overvasshandtering.
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø med fokus på samarbeid og kompetanseutvikling.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn etter tariff
Kontaktinformasjon
Hilde Hovden, einingsleiar kommunalteknikk, +47 92612855, Hilde.Hovden@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 4896571334
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Kommunalteknikk, Stad kommune orgnr: 876675102 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget! https://www.nordfjord.no/stad https://www.einstadistad.no/ |
Webside | http://www.stad.kommune.no |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Ingeniør bygg |
Sted | NORDFJORDEID (Adresse: Rådhusvegen 11 Postnr: 6770) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 12-01-2025 |