Driftskoordinator i tenesteområdet Helse- og omsorg – Vågå Kommune Helse Og Omsorgssektoren
Kontor og økonomi Personal arbeidsmiljo og rekruttering(10 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 19-12-2024
Deadline: 17-01-2025
Driftskoordinator i tenesteområdet Helse- og omsorg
For å ta vare på dei stadig aukande arbeidsoppgåvene knytt til logistikk, teknologi og koordinering er det behov for ein driftskoordinator som er dedikert til tenesteområdet Helse- og omsorg. Stillinga er ei 100% fast stilling med arbeidstid på dagtid.
Driftskoordinatoren er organisatorisk plassert under tenesteleiar Helse- og omsorg
Arbeidsoppgåver
Driftskoordinator skal ha eit spesielt ansvar for:
utvikling, vedlikehald og implementering av planverk innan branntryggleik, beredskap og evakuering.
logistikk for lagerbehaldning kring utstyr som ikkje er knytt til medisinsk utstyr (kontorrekvisita og liknande).
oppretting av tilgangar i ulike driftssystem.
å koordinere ikkje-helsefaglege oppgåver og stillingar
Driftskoordinator skal også koordinere samarbeid med:
teknisk/kommunal eigedom/driftsoperatør
leverandørar av velferdsteknologi (i samspel med velferdsteknologikoordinator og kommunalsjef). I dette ligg oppgåver knytt til oppsett av nytt utstyr, drift og vedlikehald.
Anna:
Vere kontaktpunkt for IT. Her ligg oppgåver innan oppsett av nytt utstyr, drift og vedlikehald.
Andre driftsoppgåver kan bli tillagt stillinga
Ved ledig kapasitet kan det opnast for tilsvarande oppgåver i tenesteområdet Miljøterapitenesta.
Da dette er ei nyoppretta stilling kan det bli endringar eller andre relevante oppgåver bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar:
Erfaring frå liknande oppgåver er ønskjeleg. Vi vil legge til rette for kompetanseheving på områder det eventuelt er behov for påfyll.
Kompetanse og komfortabel med å arbeide med fleire ulike digitale system
Norskkunnskapar tilsvarande minimum B1 — munnleg og skriftleg
Førarkort klasse B er ønskjeleg
Personlege eigenskapar:
Må kunne arbeide sjølvstendig, nøyaktig og systematisk
Serviceinnstilt og initiativrik
Evne og vilje til utvikling, omstilling og bruk av digitale løysingar
Gjennomføringsevne
Løysingsorientert
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Evne til å skape tillit, samt følgje rutinar og lovverk
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi kan tilby:
Eit spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
Arbeid i tverrfagleg team
Kompetanseheving
Eit godt fagmiljø og gode kollegaer
Pensjonsordning via KLP
Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
Administrasjonsspråket i Vågå kommune er nynorsk.
Spørsmål kan rettast til tenesteleiar Hanne Stokke Moen på tlf. 948 65 287 e-post: hanne.stokke.moen@vaga.kommune.no eller kommunalsjef Thomas Rannstad Haugen på tlf. 970 10 982 eller e-post thomas.rannstad.haugen@vaga.kommune.no
Søknad skal sendast som elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist 17.01.2025
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
DIVERSE INFO