Stillingsbeskrivelse

Published 02-01-2025
Deadline: 16-01-2025

 

Driftseiningsleiar

Vi har ledig eit vikariat som leiar av Felles eining for operativ tjeneste (FOT) i Møre og Romsdal politidistrikt, tom. 31. desember 2025.

I stillinga som driftseiningsleiar for FOT får du eit overordna fag- og koordineringsansvar for politidistriktet si politioperative verksemd, herunder stabsleiing, øving og beredskap og operasjonssentral.

Den vi ser etter har høg integritet, evne til å vidareutvikle medarbeidarar og god gjennomføringsevne. Vi ser etter deg som set retning, skaper oppslutning om mål og som gjennomfører nødvendige endringar. Som leiar i politiet skal du oppnå resultat på alle område, i dagleg drift og ved kriser.

FOT består av to seksjonar, seksjon for operativ styring og seksjon for operative fag, øving og beredskap. Arbeidsstad er i Ålesund. Du må pårekne noko reiseverksemd. 

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåver:

  • Vareta fagmyndigheitsrolla (metode, kvalitet, rettleiing, fagutvikling, tilsyn) innanfor ansvarsområdet
  • Sørgje for høg kvalitet, effektiv ressursutnytting, samarbeid og måloppnåing i tenesteproduksjonen
  • Utvikle eit godt medarbeidarskap, ønskt kultur og god medarbeidartilfredsheit
  • Legge til rette for kunnskapsbasert erfaringslæring og sørge for systematiske forbetringar innanfor det politioperative arbeidet

Andre oppgåver:

  • Innføre og vareta god fagleg dialog med geografiske og funksjonelle driftseiningar, og følgje opp deira samhandling med kommunar og andre lokale samfunnsaktørar innanfor ansvarsområdet
  • Sørgje for effektiv bruk av teknologi som vil lette det daglege arbeidet og understøtte gode arbeidsprosessar
  • Sørgje for effektiv og einskapleg kommunikasjon (felles bodskap) og oppfølging av aktuelle saker
  • Bidra aktivt i leiargruppa, følgje opp leiargruppa sine avgjerder og setje i verk vedtekne endringar
  • Budsjett-, resultat- og personalansvar i eiga funksjonelle eining
  • Sørgje for at tilsette varetek vernet av informasjonen, materiellet og objekta til politidistriktet ved å erkjenne og etterleve gjeldande tryggingsinstruksar og -prosedyrar. 
  • Vere pådrivar for god tryggingskultur i politidistriktet
  • Vareta og sørge for god samhandling med politidistriktet sine samvirkeaktørar, både internt og eksternt
  • Overordna ansvar for at planverket til politidistriktet er oppdatert, harmonisert og operasjonalisert

    Kvalifikasjonar

    Nødvendig:

    • Politi(høg)skule eller anna relevant utdanning minimum på bachelornivå
    • Minimum tre års leiarerfaring
    • Brei politifagleg kompetanse
    • God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
    • Plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
    • Kunne klarerast for HEMMELEG jf. sikkerhetsloven. 

    Ønskjeleg:

    • Relevant leiarutdanning
    • Erfaring frå å leie endrings- og utviklingsprosessar

    Personlege eigenskapar

    • Resultatorientert og god beslutnings- og gjennomføringsevne
    • Evne til å sette retning, drive endring og skape resultat i samhandling med andre.
    • Godt heilskapleg blikk og evne til strategisk og langsiktig arbeid.
    • God evne til kommunikasjon og relasjonsbygging
    • Samfunnsorientert og har forståing av eininga si rolle i politiet sitt samfunnsoppdrag
    • Medarbeidarorientert og har evne til å motivere og utvikle medarbeidarane

    Som tilsett i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

    Vi tilbyr

    • Ei utfordrande og spennande stilling for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
    • Midlertidig stilling som driftseiningsleiar med lønn som politiinspektør (stillingskode 0290), frå kr. 1 140 000 –  kr. 1 200 000 brutto per år
    • For stillinga som driftseiningsleiar gjeld særavtale for arbeidstakarar med uregulert arbeidstid
    • For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
    • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte om du går bort, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse.
    • Bedriftshelseteneste

    Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

    Kontaktinformasjon

    Ingar Bøen, Politimeister, 70 11 87 00

    Arbeidsstad

    Nedre Strandgate 50
    6005 Ålesund

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt

    Referansenr.: 4895322237
    Stillingsprosent: 100%
    Vikar
    Søknadsfrist: 16.01.2025

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Felles eining for operativ tjeneste, Møre og Romsdal politidistrikt orgnr:
    Kort om arbeidsgiver

    Om politidistriktet
    Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 265 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

    Organisering av politidistriktet
    Politidistriktet med om lag 630 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

    Dette er verdiane våre
    I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det. 

    Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
    Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.

    Om offentleg søkarliste
    Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.

    Har du hugsa dette?
    For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.

    Webside www.politiet.no/jobb
    Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
    Yrke Ikke identifiserbare
    Sted ÅLESUND (Adresse: Nedre Strandgate 50 Postnr: 6005)
    Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
    Sektor Offentlig
    Krav Unknown
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 16-01-2025


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/89671063-4929-43e7-9487-35921289bc19
    IMPORTAPI