Driftsansvarleg Byrkjelo Camping – Byrkjelo Camping As

Sales, retail and retail trade Personlig tjenesteyting

(4 dager siden)

  • BYRKJELO
  •  Lagt til dato: 25. november 2024
  •  Expire date: 16. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 25-11-2024
Deadline: 16-12-2024

 

Driftsansvarleg Byrkjelo Camping

Sør for tettstaden Byrkjelo, omkransa av majestetiske fjell, ligg Byrkjelo Camping.

Anlegget har hytter i fleire storleikar, badeanlegg, oppstillingsplassar for bubil og campingvogner, leikeplass, samt eit stort unytta område som skal utviklast vidare, ilag med våre nye driftsleiar.

Vi søker etter ein person som kan ha ansvaret for den daglege drifta og kan være med på å vidareutvikle Byrkjelo Camping som destinasjon.

Her har man ei sjeldan moglegheit til å være med å vidareutvikle ein veldriven campingplass, samt utvikle konseptet og drifta, for videre satsing.

Aktiviteten svingar, og vi må tilpasse innsatsen. På travle dagar og periodar med høg aktivitet bemannar vi opp og du sjølv må være operativ og en aktiv del av drifta. Vi held opent dag, kveld og helgar og forventar at du planlegg tida, slik at du er til stades når det er behov.

Denne stillinga vil bli tilpassa ut frå behov og arbeidsmengde. Den som vert ansatt får sjølv vere med å legge opp sin <<årsturnus>> Jobben er sesongbasert, så den kan kombinerast med andre jobbar utenom høgsesong.

Det kan og vere aktuelt å leige inn eit firma til å drive campingen om det passar betre for den personen vi ønskjer skal drive campingen vidare.

Oppgåver

· Ansvar for drift av camping, hytter og badeanlegg

· Booking.

· Personalansvar

· Utarbeide vaktlister og tilpasse bemanninga etter aktivitet.

· Ansvar for bestillingar.

· Følgje instruksar, rutiner herunder og sjekklister samt påsjå at dei blir fulgt

· Ansvar for vedlikehald av anlegget

· Utvikling av konseptet

Men viktigast av alt, er ansvaret vi har for at gjestane våre skal ha eit godt opphald.

Kvalifikasjonar

· Serviceinnstilt. Ikkje redd for å gi det lille ekstra

· Sjølvstendig, positiv og lojal. Du trives med å ha ansvar, og tar eigarskap til jobben din.

· Eit ordensmenneske. Du liker å ha det reint og ryddig rundt deg.

· God i engelsk, både skriftleg og muntleg, ein fordel om du snakkar norsk.

· Du er en humørspredar, og glad i menneske.

· Være opptatt av service og god kundebehandling.

· Være initiativrik, kreative og evne å skape nye aktiviteter.

· Ha evne og vilje til å stå på i periodar med mange gjester.

· Erfaring med økonomi styring.

Er du usikker på om du har rett bakgrunn, men du har lysta og viljen som skal til? Søk!

Personlege eigenskapar er viktigare enn din CV. Du skal sjølv vere med å utforme din stillingsinstruks.

Vi kan tilby deg

· Gode betingelsar

· Varierande og interessante arbeidsoppgåver

· Spennande og hektisk arbeidsmiljø

· Ansvarsfull jobb med varierte arbeidsoppgåver

· Store moglegheiter til å påverke egen kvardag, drift og konsept

· Arbeidsplass i i naturskjønne omgivelsar

Tiltredelse: Det er eit behov for at den som vert ansatt er tilgjengeleg ifrå 01.04.2024 evt. anna dato etter avtale.

Søknadsfrist 16.12.2024

Sjå www.byrkjelocamping.no for meir info.

Spørsmål til stillinga kan henvendast til Jørgen Veien tlf. 95913045

Søknad sendast på e-post til jorgen@breim.no

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Byrkjelo Camping As orgnr: 928780651
Kort om arbeidsgiver

Sør for tettstaden Byrkjelo, omkransa av majestetiske fjell, ligg Byrkjelo Camping.

Anlegget har hytter i fleire storleikar, badeanlegg, oppstillingsplassar for bubil og campingvogner, leikeplass, samt eit stort unytta område som skal utviklast vidare, ilag med våre nye driftsleiar.

Vi søker etter ein person som kan ha ansvaret for den daglege drifta og kan være med på å vidareutvikle Byrkjelo Camping som destinasjon

Webside https://byrkjelocamping.no
Bransje Salg og service
Yrke Personlig tjenesteyting
Sted BYRKJELO (Adresse: Breimsvegen 1823 Postnr: 6826)
Stillingstype Sesong Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse 01-04-2025
Søknadsfrist 16-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e7c71b4d-6ea0-4d66-a5c7-b53cb7485c4c
Stillingsregistrering