Drifts- og serviceteknikar – Storhusholdningsutstyr – Teknisk Drift Førde, SMS, Helse Førde
Carpenters Vaktmester(1 uke siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 12-11-2024
Deadline: 27-11-2024
Drifts- og serviceteknikar – Storhusholdningsutstyr
Forstår du viktigheita av god sjukehusdrift? Har du fagbrev og teknisk fagskule, og ønskjer å bidra til et positivt arbeidsmiljø?
Då vil vi gjerne ha søknaden din på vår ledig stilling som drifts- og serviceteknikar!
Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus søkjer Drifts- og serviceteknikar med ansvar for storhushaldningsutstyr.
Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus har i dag 17 engasjerte kollegaer med høg fagleg kompetanse.
Vi har ansvaret for energieffektiv og miljøvennleg drift, vedlikehald av bygningsmassen, tekniske anlegg og teknisk infrastruktur, totalt cirka 100 000 m2. Driftsavdelinga gir også støtte ved gjennomføring av byggeprosjekt, enten som nybygg eller som tiltak i eksisterande bygningar.
I komande år vil utvikling av drifta fortsetje med fokus på teknisk vedlikehald og utvikling av porteføljen vår. I desse dagar har vi overtatt eit nytt somatisk bygg med moderne og avansert teknologi. Dette stiller høge krav til vår avdeling med omsyn til organisering, planlegging og høg kompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Drifte- og vedlikehalde utstyr i vårt produksjonskjøkken og alle postkjøkken med tilhøyrande utstyr f.eks. kombidampar, hettevaskmaskiner, vanndispensere, kaffemaskiner
- Oppfølging av vedlikehaldsavtaler
- Delta fagleg på tvers i den daglege drifta.
- Sakshandsaming relatert til fagområdet.
Kvalifikasjonar
- Det er nødvendig at kandidaten har god IT-kompetanse
- Relevant praksis vil kunne kompensere for manglande utdanning
- God kjennskap til drifts- og vedlikehaldssystem
- Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Førerkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Samarbeidsorientert og omgjengeleg
- God arbeidskapasitet – kunne ta eit tak ved høve
- Strukturert og målretta
- Vere sjølstendig, men samstundes kunne arbeide i team og i prosjektgrupper
- Kunne tileigne seg ny kunnskap innan drift og vedlikehald
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Felksibel arbeidstidsordning
- Hjelp med bustad/husvære
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Terje Jan Nes, Avdelingssjef, 415 30 517
Jan Ove Steinseth, Seksjonsleiar, 992 88 838
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 4883011898
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Teknisk Drift Førde, SMS, Helse Førde orgnr: 974744570 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | Håndverkere |
Yrke | Vaktmester |
Sted | FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 27-11-2024 |