Drifts- og serviceteknikar – Låsesmed/sikkerheitsteknikar – Teknisk Drift Førde, SMS, Helse Førde
Carpenters Vaktmester(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 11-11-2024
Deadline: 27-11-2024
Drifts- og serviceteknikar – Låsesmed/sikkerheitsteknikar
Forstår du viktigheita av god sjukehusdrift? Har du fagbrev og teknisk fagskule, og ønskjer å bidra til eit positivt arbeidsmiljø?
Då vil vi gjerne ha søknaden din på vår ledige stilling som drifts- og serviceteknikar!
Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus søkjer Drifts- og serviceteknikar som skal tilsettast i stilling som låsesmed / sikkerhetsteiknikar.
Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus har i dag 17 engasjerte kollegaer med høg fagleg kompetanse.
Vi har ansvaret for energieffektiv og miljøvennleg drift, vedlikehald av bygningsmassen, tekniske anlegg og teknisk infrastruktur, totalt cirka 100 000 m2. Driftsavdelinga gir også støtte ved gjennomføring av byggeprosjekt, enten som nybygg eller som tiltak i eksisterande bygningar.
I komande år vil utvikling av drifta fortsetje med fokus på teknisk vedlikehald og utvikling av porteføljen vår. I desse dagar har vi overtatt eit nytt somatisk bygg med moderne og avansert teknologi. Dette stiller høge krav til vår avdeling med omsyn til organisering, planlegging og høg kompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Vedlikehald på våre automatiske sikkerheitsanlegg som dørautomatikk og elektromekanisk lås
- Vedlikehald av mekaniske låsar, låsesystem og tilhøyrande sikkerheitsprodukt
- Delta fagleg på tvers i den daglege drifta
- Sakshandsaming relatert til fagområdet
Kvalifikasjonar
- Kompetanse innen eit eller fleire av fagområda: Elektro, automasjon, svakstrøm
- Erfaring fra adgangskontroll, automatikk, elektroniske-/mekaniske låssystem
- Relevante fagbrev innenfor eit eller fleire fagfelt: Låsesmed, elektro, automasjon, dataelektronikker
- God kjennskap til drift- og vedlikehaldssystem
- Relevant praksis vil kunne kompensere for manglande utdanning
- Førerkort klasse B
- Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Samarbeidsorientert og omgjengeleg
- God arbeidskapasitet – kunne ta et tak ved høve
- Strukturert og målretta
- Vere sjølstendig, men samstundes kunne arbeide i team og i prosjektgrupper
- Kunne tileigne seg ny kunnskap innan drift og vedlikehald
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Felksibel arbeidstidsordning
- Hjelp med bustad/husvære
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Terje Jan Nes, Avdelingssjef, 415 30 517
Jan Ove Steinseth, Seksjonsleiar, 992 88 838
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 4882994137
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Teknisk Drift Førde, SMS, Helse Førde orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | Håndverkere |
Yrke | Vaktmester |
Sted | FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 27-11-2024 |