Direktør Kirurgisk klinikk – Helse Førde

Health and social care Tannhelse pleie

(6 dager siden)

  • FØRDE
  •  Lagt til dato: 25. juni 2024
  •  Expire date: 28. juli 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 25-06-2024
Deadline: 28-07-2024

 

Direktør Kirurgisk klinikk

Kirurgisk klinikk har ansvar for eit brutto budsjett på 950 millionar kroner, og om lag 1000 tilsette. Klinikken er sentral for at vi skal kunne yte god pasientbehandling innanfor eit stort spekter av fagområde ved sjukehusa våre.

Klinikken femner mellom anna om: Avdeling for AIO, prehospital avdeling, avdeling øyre, nase, hals, kirurgisk avdeling, augeavdeling, ortopedisk avdeling og kvinneklinikken. Klinikken har verksemd på alle dei tre sjukehusa i fylket.

Kvinner vert oppmoda om å søkje.

Tiltreding snarast.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer ein handlingsorientert direktør som kan leie arbeidet med å utvikle klinikken vidare gjennom å skape entusiasme for utviklingsarbeid og endring. Innflytting i nytt sjukehusbygg i haust vil stille store krav til den som vert tilsett i forhold til leiing og omstillingsevner. I tillegg til å drive ein stor klinikk med mange og komplekse oppgåver, er vi ute etter ein person som kan tenkje heilskapleg og utføre jobben med Helse Førde sitt beste som mål.

Direktøren rapporterer til adm. direktør og deltar i hans leiargruppe.

Kvalifikasjonar/personlege eigenskapar

  • Stillinga føreset høgare utdanning og leiarerfaring.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar er ein føresetnad, både for å kunne leie ein klinikk med høgt kompetente tilsette men og for å kunne etablere nødvendig dialog med andre avdelingar, og eksterne samarbeidspartnerar.
  • Føretaket er i endring og du må vere oppteken av forbetringsmetodikk og vere innstilt på å arbeide med langsiktige prosessar saman med tilsette på alle nivå.
  • Det vert vektlagt at søkjaren har gode leiareigenskapar, med evner og erfaring frå å gjennomføre endringsprosjekt i ein kompetanseorganisasjon.

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr eit godt og utfordrande arbeidsmiljø.
  • Rett person vil få store moglegheiter til å påverke viktige leiings- og utviklingsprosessar i organisasjonen.
  • Lønn etter avtale 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Arve Varden, Administrerande Direktør, (+47) 992 19 352
Arne Skjelten, HR Direktør, (+47) 908 85 478

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4833528389
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.07.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside http://www.helse-forde.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Tannhelse/-pleie
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 28-07-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1d1c34ac-f7ca-4003-81ed-132c98fa5824
IMPORTAPI