Direktør for marknadstilsyn – Finanstilsynet

Carpenters Ovrige handverksyrker

(1 uke siden)

  • OSLO
  •  Lagt til dato: 8. september 2024
  •  Expire date: 24. september 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 08-09-2024
Deadline: 24-09-2024

 

Direktør for marknadstilsyn

Finanstilsynet søker direktør til avdelinga for marknadstilsyn, som mellom anna har tilsynet med at verdipapirmarknaden er velfungerande. Oppgåvene omfattar tilsyn og kontroll, og forvaltings- og utgreiingsarbeid. Avdelinga har i overkant av 100 medarbeidarar, som er fordelte på seks seksjonar og éin stab.

Avdelinga har eit breitt ansvarsfelt, som omfattar mellom anna tilsyn og oppfølging av

  • fondsforvaltarar, verdipapirføretak og andre som yter tenester i verdipapirmarknaden, og i tillegg børsar, handelsplassar og annan infrastruktur
  • statsautoriserte rekneskapsførarar og revisorar, rekneskaps- og revisjonsføretak
  • periodisk rapportering frå noterte føretak og prospektkontroll
  • marknadsåtferd, mellom anna undersøkingar av mogleg innsidehandel og marknadsmanipulasjon

Oppgåvene til avdelinga blir utvida i 2025 då oppfølginga av tilbodsplikta og den løpande informasjonsplikta for noterte føretak blir overførte frå Oslo Børs til Finanstilsynet.

Avdelingsdirektøren rapporterer til finanstilsynsdirektøren, er medlem av Finanstilsynet si toppleiargruppe og møter i styret til Finanstilsynet. Vedkommande må kunne sikkerheitsklarerast på nivå hemmeleg.

Vi vil gi deg et større innblikk i hva rollen som direktør markedstilsyn innebærer. Du kan lytte til vår stillingspodkast hvor Finanstilsynsdirektør, Per Mathis Kongsrud, deler sine tanker om hva som kreves i denne rollen: https://on.soundcloud.com/e5pLRSUhspTFvmh99

Arbeidsoppgåver

Direktøren har det faglege og administrative leiaransvaret for avdelinga. Viktige oppgåver er å planlegge og gjennomføre aktivitetane til avdelinga på ein måte som bidreg til god måloppnåing, koordinere aktivitetar med andre avdelingar og bidra til å vidareutvikle den samla verksemda til Finanstilsynet. Avdelingsdirektøren må følge fagområda til avdelinga tett og sjølv ta aktivt del i behandlinga av viktige enkeltsaker. Stillinga inneber betydeleg kontakt med føretak under tilsyn, bransjeorganisasjonar og andre myndigheiter, både nasjonalt og internasjonalt. God kontakt med og deltaking i det europeiske tilsynssamarbeidet, gjennom mellom anna ESMA, er særleg viktig.

Finanstilsynet ønsker å effektivisere verksemda, mellom anna ved å ta i bruk nye digitale verktøy og vidareutvikle arbeidsprosessar og tilsynsmetodar. Arbeidet blir gjort i tett samarbeid mellom avdelingane i tilsynet. Også på andre område er det betydeleg tverrgåande samarbeid, og det er eit mål å utvikle dette vidare.  

Kvalifikasjonar

  • relevant høgare utdanning på masternivå, fortrinnsvis økonom eller jurist
  • god kjennskap til regulering av og tilsyn med verdipapirmarknaden og/eller rekneskap og revisjon
  • erfaring frå arbeid innanfor eitt eller fleire av ansvarsområda til avdelinga
  • god kjennskap til statsforvaltinga og norsk samfunnsliv
  • leiarerfaring frå relevant offentleg eller privat verksemd
  • god munnlig og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk 

Personlege eigenskapar

Vi legg vekt på at du har desse personlege eigenskapane:

  • gode samarbeidsevner og evne til å utvikle og motivere medarbeidarane
  • evne til strategisk utvikling og leiing
  • evne til å sjå moglegheiter, fornye og vidareutvikle arbeidsmetodar og tilsynsprosessar 
  • stor arbeidskapasitet og leveringsevne

Vi legg òg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.   

Vi tilbyr

  • spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse 
  • gode moglegheiter for eiga fagleg utvikling  
  • gode velferdsordningar og ein fleksibel personalpolitikk 
  • medlemskap og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse  
  • fleksibel arbeidstid og betalt overtid  
  • gode treningsfasilitetar og moglegheit for å trene i arbeidstida 
  • tiltreding og lønn etter avtale  

Anna

  • Etter at søknadsfristen har gått ut, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25.
  • Søkarar må legge ved vitnemål med karakterar og relevante attestar.
  • Du kan skrive søknaden på nynorsk eller bokmål.
  • Vi utfører bakgrunnssjekk av personen som blir tilsett i stillinga.
  • Tilsette i Finanstilsynet må følge strenge etiske retningslinjer, sjå https://www.finanstilsynet.no/jobbhos-oss/#Etiskeretningslinjer
  • Finanstilsynet er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn eller hol i CV-en. Dersom det er mogleg, vil vi legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. For positiv særbehandling, sjå http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
  • For nærare omtale av Finanstilsynet, sjå www.finanstilsynet.no 

Kontaktinformasjon

Per Mathis Kongsrud, Finanstilsynsdirektør , 97 40 60 43
Anne Merethe Bellamy, Direktør for marknadstilsyn, 90 87 84 49
Petter Meyer, Partner i MeyerHaugen, rekruttering og rådgivning , 95 97 90 54

Arbeidssted

Revierstredet 3
0151 OSLO

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Finanstilsynet

Referansenr.: 4855444855
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.09.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Finanstilsynet orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Finanstilsynet arbeider for at finansføretak og finansmarknader fungerer trygt og effektivt til det beste for samfunnet og brukarane av finansielle tenester. Vi har om lag 340 tilsette og held til i Oslo sentrum. Vi legg til rette for eit godt arbeidsmiljø, tek omsyn til klima- og miljøutfordringar og er sertifisert som Miljøfyrtårn. 

Webside http://www.finanstilsynet.no
Bransje Håndverkere
Yrke Øvrige håndverksyrker
Sted OSLO (Adresse: Revierstredet 3 Postnr: 0151)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 24-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/38652fff-8af8-40ed-8635-bb77c1628e4e
IMPORTAPI